Brattaste løp i verda!
Start  15 m.o.h og mål 650 m.o.h. På berre 1750 m. Arrangøren garenterer motbakke heile vegen!

Elin Steinsbø Fylkesnes og Thomas Vestbø
Når ein av dei beste motbakkeløparane i Noreg brukar 23.34 på 1750 m – då skjønar ein at dette er bratt! Løyperekordhaldar for jentene Elin Steinsbø Fylkesnes, nr 2 på NM tempo i sykling 2010 sprang opp på glimrande 27.36. Sjølv om Langfoss Opp går på ein stølsveg – så er det bratt heile vegen til Vardahaugen der målet er. I tillegg er det smalt, så arrangøren må ha intervallstart to og to i par.

Største Kondis-rabatt  pr løpte meter
Kr 50.- i rabatt for kondis-medlemmar på 1750 m. Dette må vel vera beste kondis-rabatt pr løpte meter…
Dette er dobbel kvalitetsløpsrabatt. Normal rabatt er kr 25 for løp opp til halvmaraton.

BLI KONDIS-MEDLEM

Utsikt av dei sjeldne!
Når du er oppe og har fått pusten igjen etter sånn ca eit par timers tid, så kan ein snu seg - og for ein utsikt! Kanskje var det bilete med utsikt frå fjorårets løp som gjorde at magasinet  Vasaløparen brukte Langfoss Opp som illustrasjon på den norske motbakke-trenden. Bladet kjem ut i ca 50000 eksemplar. Ein enormt flott reklame!

Grilling på Langfoss-stølen
Elva Vaulo  flyt vid og stille før ho styrtar seg ut i 612 m brudeslør mot vakre Åkrafjorden. Ca 15 minutt roleg gange frå målområdet, ligg Langfoss-stølen. Her er det laga til for grilling og servering av saft, kaffi og kaker. Grillmat er inkludert i startavgifta. Ein bør og ha med tøy så ein kan bada i elva, og skifta til tørt etter løpet.

Signert og nummerert kunstnardiplom
Diploma er nye kvart år, og ny kunstnar også. Trykt i A4 på trykkeri,  så det kan bli ein fin serie på veggen heime.

Super premiering
Kr 5000.- til fyrste kvinne og mann på toppen og pengepremiar til og med 6. plass. For løyperekord er det 2000.- ekstra å få med seg. Desse går inn i éin pott for damer og éin for menn om rekordane ikkje blir slått. I tillegg sponsar Kyrping Camping kr 5000.- som vert trekt blant alle som fullfører – også dei som startar i fellestart to timar før konkurranse-løparane. I tillegg ein del fine trekkjepremiar.

Ny heimeside med online påmelding:
www.langfossopp.no

Kvalitets K

Gisle Sellevold
Mobil: 4860 2195
Kondis distriktsrepresentant Hardanger og Sunnhordland
 


Les kondis.no-reportasjen fra det aller første Langfoss Opp i fjor.


                               Langfoss kåra til ein av dei ti vakraste i verda av National Geographic sine lesarar og CNN.


                                                           Utsikt av dei sjeldne - snu doke karar!