Kondis hadde knapt høyrt om dette fjelløpet for 2 - 3 månader sidan. Og det endå det går i grannekommunen til reportaren. Tilskiparane sa sjølv at dei visste dei hadde vore varsame med marknadsføringa. Dette skulle betra seg til neste år.
Sistemann rapporterer
Som sistemann til topps i konkurranseklassen i den steikande varmen, fekk kondis.no sin reportar verkeleg testa seg! Men tilskiparane har ingenting å frykta, for dette er alt ei godt gjennomført tilskiping. 5.5 km i alt. Her er det utan så mykje meir arbeid plass til mange fleire. Tre drikkestasjonar med vatn og saft, fire postar med enkel quiz for turgåarane. Sekretariatet var enkelt, men hyggelege og flinke folk i ei fin gate i Sandeid sentrum.
Ein startar i Sandeid sentrum med boder, bord og benkar og show. Løpet startar med ca 1,2 km flatt på fortau, før gode 3.5 km traktorveg i kraftig motbakke. Dei siste 500 m er det nesten det ein kan kalla klatring opp mot toppen. Denne gong i sterk varme, men ein liten bris gjorde det rimeleg greit likevel.
Ekstra oppleving: to med flotte sikksakk-band
Sterk varme ja: På veg ned fekk nokre av oss fyrst sjå ein brun liten ein med sikksakk-band som sola seg på grusvegen. Litt lenger nede ein mykje større, også den brun og fin. Kanskje mora? Felles for dei begge var at solinga fekk venta når det kom svære toføttingar dundrande nedover. Dei forsvann begge hurtig buktande ned i veg-grøfta og inn i lyngen.
Morten Gjendem i knallslag!
Sist Morten Gjendem sette løyperekord i Trongjo Opp i grannekommunen Etne i april, stod det "No team" bak namnet hans på resultatlista. No har denne gode løparen meldt seg inn i ein god klubb, nemleg Haugesund IL.
Han hadde ikkje ukjende Thomas Finshus frå Stegaberg IL å bryna seg på i Sandeid denne laurdagen. For å vinna den tredje utgåva av Øktaren 575, måtte han difor setta løyperekord. Den gamle på 30.07 som Thomas sette i fjor. For mannfolka lyder den no på 29.25.
2018 - menn
1. Morten Gjendem 29.25
2. Thomas Finshus 31.43
3. Ola Vestbø 35.36
Ellinor Austrheim med løyperekord for jentene
Ellinor Austrheim var i godt slag og senka løyperekorden til 38.59. 7 jenter fullførte i fin stil.
2018 - kvinner
1. Ellinor Austrheim 38.59
2. Emma Rødne 42.10
3. Ragnhild Aarekol 44.24
2016: 43 løparar
2017: 30 løparar
2018: 39 løparar - 85 registrerte turgåarar
For ein utsikt!
Komen opp 575 m over havsnivå har ein vanvittig utsikt! Denne dagen var det klårt og utruleg god sikt. Ein grunn god nok til å ta turen, og det er gratis for dei som vil.
T-skjorte med løpets logo på til alle
Med startkontingen på berre 50 kr var det framifrå marknadsføring for neste år at alle som fullførte fekk
ei fin t-skjorte med logo på.
Med fire-fem kilo trent vekk, så prøver kanskje sistemann på resultalista (reporteren) seg i Øktaren 575 på ny i 2019.
De siste 500 m mot toppen er tøffe, så reporteren måtte ta seg ein kvil på toppen før han kunne nyta den flotte utsikten.
Alle resultat:
Menn:
Nr |
Fornavn |
Etternavn |
Løpstid |
1 |
Morten |
Gjendem |
29,25 |
2 |
Thomas |
Finshus |
31,43 |
3 |
Ola |
Vestbø |
35,36 |
4 |
Svein Håkon |
Kringlebotten |
37,58 |
5 |
David |
Øren |
38,26 |
6 |
Sondre |
Rullestad |
38,39 |
7 |
Åsmund |
Kringlebotten |
38,47 |
8 |
Yngve |
Furseth |
38,48 |
9 |
Terje |
Aarekol |
39,46 |
10 |
Leif |
Vestbø |
40,35 |
11 |
Vebjørn |
Skipevåg |
40,59 |
12 |
Terje |
Ørnes |
41,09 |
13 |
Jone |
Håheim |
41,10 |
14 |
Andreas |
Gjerde |
41,58 |
15 |
Rune |
Vestbø |
42,13 |
16 |
Bent Magne |
Koldal |
42,15 |
17 |
Jarle |
Kringlebotten |
42,16 |
18 |
Martin |
Vestbø |
42,18 |
19 |
Jonas |
Vestbø |
43,08 |
20 |
Ørjan |
Løhaugen |
43,25 |
21 |
Tage |
Aarekol |
43,29 |
22 |
Ricard |
Særsten |
43,56 |
23 |
Jonas |
Bergem |
44,15 |
24 |
Tore |
Solberg |
45,40 |
25 |
Arve |
Vestbø |
48,31 |
26 |
Alf Inge |
Solheim |
49,23 |
27 |
Oliver |
Byggstøyl Ørke |
49,24 |
28 |
Knut Inge |
Kvinnesland |
50,42 |
29 |
Espen |
Steinsland |
51,00 |
30 |
Harald |
Måge |
52,54 |
31 |
Øystein |
Eide Eskeland |
58,13 |
32 |
Gisle |
Sellevold |
1.13,10 |
Kvinner
1 | Ellinor | Austrheim | 38,59 |
2 | Emma | Rødne | 42,10 |
3 | Ragnhild | Aarekol | 44,24 |
4 | Beate | Aarekol | 44,48 |
5 | Line | Fjelldalselv | 45,12 |
6 | Jane | Myrhre | 51,42 |
7 | Aurora | Aarekol | 58.21 |
Denne mannen vart utfordra til å delta, men med slippers ville det vera tøft å komme seg til toppen.
Med ein startkontingent på kr 50 og kr 100 for heile familen, så er det imponerarande å få ei T-skjorte med på kjøpet. Billegare kan det ikkje bli.
Kondis sin reportar er interessert i gode logoar - dette er ein av dei. Enkel, men talande.