Mange gode løparar
Her kunne friidrettsklubbane vore og funne løpstalent.  Her kunne ein sjå ungdom som hadde indre motivasjon - ikkje for å framheva seg sjølv, men for å springa inn flest mogeleg sponsorkroner til vanskelegstilte i Aust-Afrika.
 
Lundanesrussen i samband med Norsk Luthersk Misjonssamband gjer noko mange snakkar om i desse flyktningetider: Hjelpa folk der dei bur.

Atmosfære og stilig rame rundt tilskipinga
Mange lyskastarar lyste opp start og målpassering. Det var mest viktig for rundeteljarane og tidtakarane, men det skapte ein spesiell atmosfære for løparane óg. Med start kl 1700 var det mørkt før løparane kom i mål to timar seinare. Ein skulle nemleg springa så mange runder ein klarte på to timar. Hadde ein byrja på ny runde før to timar var passert, fekk ein fullføra den. 

Kr 878 440 til prosjekt i Aust-Afrika!
Flaskepant, basar og kollekt gjennom heile året i tillegg til "Misjonsløpet" brakte inn kr 878 440 (minst). Kr 276 051 (minst) kom inn på løpsdelen. Fenomenalt!

Her var det ingen pengar som gjekk til russebuss, og andre sjølvdiggande tiltak i russetida. Kondis sin representant er verkeleg imponert.

Væskestasjon og andre oppmuntringar langs løypa
Vatn, saft, bananar var lagt ut på langbord ca 200 m etter passering. Her var det mange funksjonærar som også gjorde god jobb.Og så var det sett opp mange plakatar, godt synleg for løparane, med oppmuntrande ord langs løypa.

Kondis hadde løpande journalist
Kort tid før løpet, fann kondis.no sin lokalrepresentant ut at han óg ville delta aktivt - løpande reportar, altså. På ei kort melding på facebook vart han sponsa med kr 83 pr runde, pluss kr 1000,- i etterkant. Det skulle bli kr 2743,- til prosjektet.

"Bra, Gisle", "Flott løping, "Stå på". Som einaste gamling i feltet, var det lett å vita kven som var Kondis sin representant. Det var mange gode ord me fekk høyra undervegs. 

Prosjektleiaren løp lengst av alle.
Runda ein skulle springa vart målt samvetsfullt med målehjul lånt av Vindafjord kommune. Teljaren viste 810 m. Men me veit at det er vanskeleg å gå eksakt kortaste mogelege veg med målehjul. Men om ein seier om lag 800 m var det mange verkeleg flotte resultat. Det flottaste resultet er likevel at så mange ungdommar engasjerer seg for folk som har det vanskelegare enn dei sjølv.

Me talte opp 83 elevar som sprang 20 rundar eller meir. 800 m x 20 = 16000 m på to timar. Opp og ned og rundt mange hushjørne - dette er verkeleg bra. Fleire av dei som ikkje klarte det tilfeldig valte talet 20 runder, hadde eit litt dårlegare utgangspunkt og gjorde ein super innsats dei óg.

David Hovda var prosjektleiar for dette store prosjektet. Ein skulle tru at når ein så alt arbeidet som var lagt ned i prosjektet, ville det føra til at prosjektleiaren var heilt tappa for energi. Men nei da. David Hovda sprang flest runder av samtlege 33 i talet. Det skulle bli ca 26500 m på to timar. Kanskje tilsvarande 1.35 i Karmøy Marathon komande laurdag....?

Kondis sin representant sponsar prosjektet med kr 1000,- om ein av gutane frå Lundaneset spring under 1. 36,- , eller ei av jentene under 1.55 på Karmøy laurdag 14. november .

Jenter (6 beste):
21,9 km = 27 runder: Anette Aune  (sprang nett eit kanonløp 8 km i Amsterdam Marathon)
21,9 km = 27 runder: Ragnhild Monsen
21,9 km = 27 runder: Rebekka Solheim
21,1 km = 26 runder: Ann-Kristin Brennsæter
20,2 km = 25 runder: Eline Gilje
20,2 km = 25 runder: Margrete Sørbø


Gutar (7 beste):
26,7 km = 33 runder: David Hovda (prosjektleiar)
25,1 km = 31 runder: Peter Hodne
24,3 km = 30 runder: Kristoffer Hodnemyr Pedersen
23,5 km = 29 runder: Peter Hovda
23,5 km = 29 runder: Geir Viste 
23,5 km = 29 runder: Sondre Sørbø
23,5 km = 29 runder: Halvor Løsneløkken



IMG_3724.JPG
Utan entusiastiske tilskiparar stoppar Eldsjel-Noreg

IMG_3728.JPGSmørblide funksjonærar - det har dei grunn til - dei var godt førebudde.

IMG_3729.JPGStor oppfinnsomheit før start

IMG_3722.JPG
Oppfinnsomheit på heiagjengen óg

IMG_3725.JPGSpente elevar før to timar springing med minst mogeleg pause

Arbeidsro_IMG_3733.jpg
Sant nok, sant nok

IMG_3735.JPG
Nokon har good taste...

IMG_3738.JPGStorverksemda Westcon er næraste granne til Lundaneset. Nesten vakkert i haustmørkre..