Maraton-eventyret i havgapet held fram 3. august
Øya Møkster har om lag 65 innbyggjarar, og ligg i Austevoll kommune ytst mot storhavet.  Ein 3 km med asfalt er ikkje til hinder for ein skikkeleg maraton på 42195 m. Det er berre å springa fleire rundar. 

Bjørn Tore med eigen påmeldingsknapp online...
Vårt store ultraløpsikon, Bjørn Tore Kronen Taranger var med på å kasta glans over debutmaratonen på Møkster i fjor. I år har dei kreative arrangørane oppretta ein eigen påmeldingsknapp for fjorårsvinnaren på online påmelding. Tøft! Tida i fjor var 3.04.18.

Spennande miljø og krevande løype
Møkster med landhandel, hurtigbåtanløp, skule, sauer, fiske og mange fantastiske menneske, er verd eit besøk; ja fleire. I fjor snakka alle media inkludert TV 2, om eit eventyr ute på Møkster. Kondis hadde ein stor og fyldig reportasje med 113 bilete du kan sjå på lenka under.
Løypa går i 10 runder à ca 4 km. Her er 3 km asfalt, litt grusveg og nokre snauklypte flotte grassletter.

Stor flott kafé
Startnummera var i tøy og skikkelege orginale. Eit samleobjekt. Kaféen bugna av kaker, lapskaus, kaffi, is og brus. Denne ligg kloss i start/målområde. Hyggelege menn og damer serverte i timesvis. 

Fire nautiske mil - sjølvsagt
Austevoll er ein kjend fiskeri- og sjøfartskommune. Då tilskiparane hadde bestemt seg for maraton, kom dei på at ein burde ha ein kortvariant, der alle kunne vera med. Då var det naturleg å bruka ei lengdeeining ein brukar til sjøs - ei nautisk mil, 1852 m. Men det var vel kort på ei maratontilskiping, så det vart firedobla til fire nautiske mil, 7408 m. 

Må vera tidleg ute med overnatting og sjekking av transport
Møkster er ei øy utan brusamband. Ein kan overnatta på øya (kontakt arrangøren), eller på Bekkjarvik som er ein vidgjeten gamal handelstad i kommunen. Då skal det visst gå båt derifrå kl 0830. Dette er THE marathon som alle må ha med seg.

Kondis anbefalar!

Reportasje 2012


Påmelding

Inge Asbjørn Haugen har elles uttalt at dette var det kjekkaste løpet i heile 2012 !!!