"ÅRET DET VAR SÅ BRATT"..om Jon Tvedt....
Eg vore på førehands-visning hjå NRK av programmet ÅRET DET VAR SÅ BRATT som kjem i FAKTOR på NRK TV1 måndag 1. oktober kl. 19.55. Det 30 min. lange programmet om motbakkekongen Jon Tvedt og hans multihandicappa son Jens på 3 år gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Dette kontrastfylte programmet om livets motbakkar, oppturar, gleder og sorger MÅ du berre sjå !
Foto+Trond+Lillealtern+NRK+
Foto Trond Lillealtern NRK
Jon Tvedt er kongen av dei bratteste og tøffaste motbakkane. I år tok han sitt tredje strake NM-gull i motbakkeløp av tre mogelege. Ingen nordmann har klart å følgje han i bratte motbakke-fjelløp. Men heime har Jon eit viktigare prosjekt: Å hjelpe sonen Jens på 3 år til å kunne bevege seg utan støtte , om så berre nokre centimeter på stovegolvet.

Jon Tvedt har vore toppidrettsmann sidan 80-talet, både innan friidrett og orientering. Han har m.a. 10 NM-gull i orientering. Då motbakkeløp vart introdusert som ny NM-grein i friidrett i 2005 i Skåla 1848m rett opp, viste Jon eksepsjonell styrke og kapasitet i dei bratte motbakkane. I dag er han 41 år gamal og like suveren i Noreg.

Sonen Jens vart fødd 3 månader for tidleg. Etter ein operasjon i hovudet blei han multihandicappa. Sterkast ramma det evna til å bevege seg.

Nyttårsafta 31.12.2006 sette Jon to mål for 2007: (1) Å sette ny rekord i eit av dei aller tøffaste motbakkeløpa i verda, Skåla 1848 rett opp i Loen i Stryn Kommune. (2) Å trene Jens til å greie å stå åleine.

I programmet ÅRET DET VAR SÅ BRATT følgjer vi Jon og hans streben med sonen Jens og seg sjølv frå januar til september. Det blir eit særs kontrastfylt halvår der Jon deler mange sterke øyeblikk av glede og sorg med oss sjåarane.

Eg fekk førehands-sjå programmet saman med Trond Lillealtern som er programansvarleg og har hatt regien og ideen til programmet. Sjølv om eg har vorte godt kjent med Jon dei siste åra og var førebudd på kva eg skulle få sjå, så vart dette sterke inntrykk som sette kjenslene i sving.

Programmet har ikkje berre eit kontrastfylt innhald, det er også redigert slik at vi heile tida pendlar mellom dei store (T)OPPturane til Jon som motbakkeløpar og motbakkane og utfordringane i kvardagen med fokus på sonen Jens.
Foto+Christian+Presteg%E5rd.+
Foto Christian Prestegård.
Jon Tvedt på opptur mot sitt tredje strake NM-gull i motbakkeløp i Turtagrø-Fanaråken Opp 11. august i år. Det er i slik storslagen fjell-natur Jon trivest aller best. Her er Jon nesten 2000 moh med utsyn ned mot Skjolden og Lustrafjorden. Sjeldan har eg sett Jon så glad og uberørt like før mål i eit knalltøft fjelløp. Før NM hadde det vore fokus i media på at Jon hadde vorte slegen av ein nordmann ( Svein Inge Buhaug ) i EM i motbakkeløp ein månad tidlegare. MEN her like før målpasseringa på Fanaråken 2068 moh fekk Jon stadfesta at han framleis er kongen av og i dei lange og bratte motbakkane i Noreg !

Sjå bildereportasjen på kondis.no frå NM i motbakkeløp 2007

Der kan du også sjå bilder frå TV-produksjonen av programmet ÅRET DET VAR SÅ BRATT
Foto%3A+Anne+Jenny+Dvergsdal
Foto: Anne Jenny Dvergsdal
Skåla 1848m rett opp var det eine av Jon sine to store hovudmål i 2007. Her ville han vinne og sette ny løyperekord igjen. Det klarte han, som han gjorde det i 2006.
Dette bildet er frå 2005 då Jon vann det fyrste NM i motbakkeløp i Norgeshistoria dei 1819 høgdemetrane frå Tjugen i Loen og Opp til Skålatårnet 1848 moh.

Sjå kondis.no-reportasjane frå
2007
2006
2005

Skåla 1848m rett opp har også fått ein stor plass i TV-programmet. Det var jo her han starta på si eineståande karrierere som motbakke-fjelløpar og framfor alt har markert seg som kongen av dei bratte motbakkane. Rett nok har han også markert seg som Kongen av Stoltzekleiven Opp i Bergen, der han framleis har løyperekorden på 8.13 som han sette i 1995, men Stoltzen fell utanfor definisjonen av motbakke-fjelløp. Stoltzen er eit trappeløp på 910 meter med vel 300 høgdemeter mellom start og mål. Til løpet Laurdag 29. sept. er det påmeldt nesten 3.000 og Jon Tvedt blir nok den raskaste i år også.

I tillegg til Skåla har programmet innslag frå Turtagrø-Fanaråken Opp og Ulriken Opp.
MEN dette er ikkje eit program om løpa, det er eit kontrastfylt program om Jon Tvedt og livets motbakkar, oppturar, gleder og sorger som du MÅ sjå !