Frå Lønahorgi Opp på Voss til EM i motbakkeløp 12. juli ?
Ta turen til Voss på laurdag 20. juni og bli med på premiereløpet for neste års NM i motbakkeløp. I år er løpet også det siste av tre uttakingsløp til EM i motbakkeløp i Austerrike 12. juli. Lønahorgi Opp-løypa på 10,4 km med 1040m høgdeskilnad oppfyller også løypekrava for å arrangere EM og VM.
Arrangøren tek i mot påmeldingar utan etterpåmeldingsgebyr heilt fram til dagen før løpet.
Sjå info på www.vossoppturar.no

og artikkel på kondis.no om Lønahorgi Opp som eit av tre uttakingsløp til EM i motbakkeløp 12. juli.

... Lønahorgi Opp er ikkje berre for eliten, det er ein OPPTUR for alle enten dei vil delta med tidtaking eller i trimklassen utan tidtaking. Trimklassane startar frå Bavallstunet der løypa svingar seg oppover i og langs alpinbakken
Utsyn+fr%E5+m%E5lstreken+ved+Kvilehytta+1100+moh.+Foto+Christian+Presteg%E5rd
Utsyn frå målstreken ved Kvilehytta 1100 moh. Foto Christian Prestegård
Lønahorgi Opp er den løypa i Noreg som ( fram til siste uttak 20. juni) er mest lik EM-løypa for herrar junior og senior og damer senior. Når vi ser på løypene i EM og VM dei siste 6-7 åra så er Lønahorgi Opp eit gjennomsnitt av desse løypene spesielt når det gjeld løpsunderlag, men også når det gjeld løypeprofil. Lønahorgi Opp-løypa er 10,4 km lang med 1040m høgdeskilnad mellom start og mål. Løypa har 1080 m samla stigning. Det er ein unnabakke med eit samla fall på 40 meter.

Løypa går på breie skogsvegar /grusvegar med noko grasunderlag opp delar av alpinbakken. Traséen er tilpassa dei internasjonale krava for å kunne arrangere EM el. VM. Dei første 2,5km går på asfalt. Deretter ei blanding av brei sti/turveg/skogsveg, eit kort parti med grasmark, men hovudsakleg grusveg. Løypa har ikkje farlege parti og har heile vegen god breidde ( stort sett 2-3 meter ) for forbiløping. Sjå bildene av løypa nedanfor.

Lønahorgi Opp er tildelt NM i motbakkeløp 2010 og i år blir Lønahorgi Opp det siste av tre løp som aktuelle kandidatar kan vise seg fram i og få testa EM-forma i ei relevant løype.

HER ! kan du sjå korleis det gjekk i forrige EM i motbakkeløp då Anita Håkenstad Evertsen vart Europameistar og Kirsten Melkevik Otterbu vann bronse-medaljen.
Lønahorgi Opp i bilder frå start til mål
Fr%E5+startomr%E5det+i+Voss+sentrum.+Foto+Chr+Presteg%E5rd
Frå startområdet i Voss sentrum. Foto Chr Prestegård
Dei fleste EM og VM-løypene har starta nede i sentrum av landsbyar og hatt omlag 20% av løypa på asfalt i starten. Slik er det også i Lønahorgi Opp. Her er løpsleiar Tore Tvilde omlag 1,5 km oppe i løypa. Forrige helg vann Tore NM-gull i motbakkeNM i Geiranger.

Nedanfor har Tore kome seg frå asfalt og ut i eit lettløpt skogsterreng på brei skogssti opp mot Bavallstunet der trimklassa skal starte.
Foto+Christian+Presteg%E5rd
Foto Christian Prestegård
Foto+Tore+Tvilde
Foto Tore Tvilde
Opp frå Bavallstunet går løypa på grusveg heilt til topps med unntak av eit stykke på omlag 250 meter der løypa går rett opp alpinbakken. Sjå nedanfor.

Mange av EM - og VM løypene både for senior, junior og veteran har gått på grusvegar og breie turvegar i og rundt alpinanlegg.

Biletet nedanfor viser den delen av Lønahorgi Opp-løypa som går rett opp alpinbakken.
Foto+Christian+Prestegaard
Foto Christian Prestegaard
7+km+opp+i+l%F8ypa+er+det+to+altenative+l%F8ypevalg+som+arrang%F8ren+vil+ta+avhengig+av+kor+mykje+vatn++som+er+i+elva.+P%E5+laurdag+vil+nok+l%F8ypa+bli+lagt+over+brua+og+ikkje+rett+fram+over+elva.+Foto+Christian+Presteg%E5rd.
7 km opp i løypa er det to altenative løypevalg som arrangøren vil ta avhengig av kor mykje vatn som er i elva. På laurdag vil nok løypa bli lagt over brua og ikkje rett fram over elva. Foto Christian Prestegård.
Bratt+grusveg+mot+toppen.+Foto+Christian+Presteg%E5rd
Bratt grusveg mot toppen. Foto Christian Prestegård
Løypekrav for EM og VM i Motbakkeløp
Lønahorgi Opp-løypa oppfyller alle løype-krav for å kunne arrangere EM og VM i motbakkeløp Fullstendige krav, retningsliner og reglar finn du på heimesida til World Mountain Running Association www.wmra.info. Sjå under Regulations for World Mountain Running Trophy og punkt 3. COURSE REGULATIONS i dokumentet Technical Regulations.

I EM og VM må det m.a. vere veg til topps fordi løparane ikkje skal springe med sekk.

Sjå også Artikkel som eg skreiv om dette temaet på kondis.no i 2005. Artkkelen hadde tittelen: Fjelløping - en verdensidrett på opptur med mange varianter !