Søndag 27. september går Kleiva Opp nr 19 !
I Kleiva Opp på Hopland (Randabygda) i Stryn Kommune har dei sprunge motbakkeløp sidan 1991. Det 7 km lange løpet med 600 meter stigning er eit av dei aller eldste motbakkeløpa i Noreg som blir arrangert i 2009.
I Kleiva Opp er det to løypelengder: 7 og 4 km.
I konkurranseklassa skal alle som er 16 år og eldre springe den 7 km lange løypa med 600m stigning. Torstein Tvinnereim i arrangørklubben Hardbagg IL seier til Kondis.no at det er Roar Hjelmeset som har løyperekorden i den 7 km lange løypa på 31.46 og den har stått i mange år. Kristin Hatledal har løyperekorden i dameklassa. I denne løypa er det i år sett opp pengepremiar til dei som set nye løyperekordar.

For dei som er under 16 og mosjonistar, er løypelengda 4 km med 450 meter stigning.
Den raskaste på denne distansen (4 km) gjennom tidene er skiskyttaren Ronny Hafsaas.

Sjølv køyrer eg laurdag 26 september rett frå den store klassikaren Stoltzen i Bergen for dagen derpå å få oppleve denne for meg hittil ukjente, tradisjonsrike oppturen i Randabygda/Hopland på nordsida av Nordfjorden nokre få mil vest for Skåla Opp i Loen.