På biletet ser vi Thorbjørn Thorsen Ludvigsen som vann i 2012 på 32.15. Dette er også løyperekorden.Dette er også løyperekorden. 

May Britt Buer har løyperekorden for damer på 37.58. May Britt Buer er skada og skal opererast denne veka. Ho stiller ikkje til start i Lærdal, fortel ho til Kondis.no.


Pressemelding:

NECON motbakkecup er Norsk Friidrett sin offisielle norgescup i motbakkeløping. Dei utvalgte løpa i NECON motbakkecup 2013 og NM dannar grunnlaget for uttak til alle dei internasjonale meisterskapa som EM og VM. I år er m.a. VM i motbakkeløp i Bulgaria i juli eitt av høgdepunkta.

 
Dei sju løpa er:

 

20.mai

Storehaugen Opp

3.7 km/901 m

Lærdal IL, Sogn og Fjordane

1.juni

Skuggenatten Opp

4,3 km/456 m

Treungen IL, Telemark

8. juni

Gullfjellet Opp

8 km/677 m

IL Fri, Hordaland

15.juni

Hovlandsnuten Opp

5.9 km/921 m

Sauda IL, Rogaland

29.juni

Storehesten Opp (NM)

11 km/1209 m

Gaular IL, Sogn og Fjordane

3.august

Saudehornet Rett Opp

5.5 km/1303 m

Ørsta IL, Møre og Romsdal

11.august

Nuten Opp

3.7 km/890 m

Rosendal IL, Hordaland

Deltakarane samlar poeng basert på resultata i kvart løp. For kvar deltakar vil seks av dei sju arrangementa telje i poengsamandraget.

 
Deltakarane kjempar om ein premiepott på totalt 80 000,- Ei eiga resultatliste og premiering gjeld for juniorane.

 
Første løp i årets cup er Storehaugen Opp i Lærdal måndag 20.mai. Fjorårsvinnarane i cupen, May-Britt Buer er påmeldt og mange av dei beste på herresida stiller også.

 
Oppdatert poengoversikt er tilgjengelig på motbakkecup.no etter kvart arrangement.

 
Kontaktinformasjon for Storehaugen Opp er

 
Ved spørsmål til NECON motbakkecup, kontakt leiaren i Motbakkeløpsutvalget i Norsk Friidrett, Jostein Hatteberg

 
Løypa til Storehaugen opp.