Siv Midtlien i Gurskøy IL melder til oss:
Set av datoen allereie no. Motbakkeløpet Røddalshornet Opp vert arrangert for tredje året på rad. Også iår vil det vere ei «Pust-og-pes»  klasse utan tidtaking og ei «Peis-på» klasse  med tidtaking.

Løpet startar på parkeringsplassen ved lysløya der det er ca. 2 km og drøye 400 høgdemeter til toppen av Røddalshornet på 563 moh. Dette er ein nydelig tur for nye og gamle fjellgåarar.

Det vert også spanande å sjå om nokon klarar å setje ny bestetid. I herreklassa sprang Eirik Voksøy Bringsvor inn til 18.30 i 2015. Rekorden i dameklassa er det Åse Iren Sætre som innehar og lyder på 21.34 frå 2014. Men den rekorden vi aller mest ynskjer å slå, er talet på deltakarar i begge klassene. Det magiske talet her er 61 stk.

Røddalshornet husa tidlegare den gamle alpinbakken på Leikongeidet. Det er ein flott tur som gir fantastisk utsikt over Sunnmørsalpane og skjergarden mot Eiksund.

I tillegg til motbakkeløp vil det vere rebusløp i lysløypa for store og små. Her vil det vere postar med ulike oppgåver og kjekke aktivitetar for heile familien. Ved parkeringsplassen (garasja til lysløypa) vil det også i år vere kafé og kiosksal.


MOTBAKKELØPET RØDALSHORNET OPP 17. september
2 puljer:
kl. 11.30: "Pust og pes" - mosjonsklasse uten tidtaking
kl. 12.30: "Peis på" - med tidtaking
Påmeling inntil 30 minutter før start. Premiering i "Peis på"-klassa for damer og herrer over 16 år og for gutar og jenter under 16 år. Startkontingent kr 100 over 16 år og kr 50 under 16 år.

REBUSLØP I LYSLØYPA
Kl. 12.30 - 16.00 for born/familiar. Startkontingent kt 25 per person.
Kiosksal frå kl. 11-16 ved parkeringsplass


utsikt2014.jpg
Utsynet frå toppen av Røddalshornet