Pressemelding:

Storehaugen Opp i Lærdal i Sogn og Fjordane er først av dei sju løpa i cupen. Norges beste motbakkeløparar deltek og bl.a fjorårsvinnaren Torbjørn Ludvigsen er påmeldt. Løpet er 3,7 km. og har ein stigning på nær 25 %. Mål er på Storehaugen 908 moh.

Løyperekorden innehas av ein annan av fjorårets beste motbakkeløparar, Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve, på tida 32,58. På kvinnesida er det Merete Helgheim som har beste tid på 41.18 frå 2009.

Løpa i NECON motbakkecup er

 


Løp nr Dato Løp Distanse Stigning Arrangør Stad
1   12.mai Storehaugen Opp 3,7 km 901 m  / 24,4 % Lærdal IL-friidrett Lærdal, Sogn & Fjordane
2   2.juni Skuggenatten Opp 4,3 km 456 m / 10,6 % Treungen IL Treungen, Telemark
3   10.juni Gullfjellet Opp 8 km 677 m / 8,5 % IL FRI-friidrett Bergen, Hordaland
4   16.juni Molden Opp ca 7 km 1116 m / 15,9 % IL Bjørn Luster, Sogn & Fjordane
5   22.juli Mefjellet Opp 7 km 1095 m /15,6 % Valldal IL Valldal, Møre & Romsdal
6   4.august Saudehornet Opp 6 km 1301m / 21,7 % Ørsta IL Ørsta, Møre & Romsdal
7+NM 12.august Rosendal NutenOpp 3,7 km 890 m / 24,0 % Fjellstreif & RT-friidrett Rosendal, Hordaland

 

Poeng vert tildelt etter resultatlista i kvart løp, der seks av sju løp tel samanlagt. Premiepotten er på 100 000,-. NECON motbakkecup 2012 inkluderar også NM i motbakkeløp (Nuten Opp) og den dannar grunnlaget for uttak til alle dei internasjonale meisterskapa som EM, VM og Grand Prix. - Vi trur det vil bli mange spennande løp og duellar i årets cup, og deltaking og resultat i NECON motbakkecup vil danna grunnlaget for uttak til VM i motbakkeløp i Temù - Ponte de Legno, Italia 2. september, seier leiaren i cupen, Jostein Hatteberg.

Sjå www.motbakkecup.no for detaljar. Der vert også poengtildelinga lagt ut etter kvart løp.

Kontaktinformasjon for Storehaugen Opp er bjorghild@storehaugenopp.com tlf 95139357

Ved spørsmål til NECON motbakkecup, kontakt leiaren i utvalet, Jostein Hatteberg rosendal@folgefonn.net, 489 94 213

 
Øyvind Heiberg Sundby kjem i mål som vinnar i Storehaugen opp 2011. Foto: Arrangøren.