Mesteparten av den 8 km lange løypa går på god grusveg, skogs- og fjellsti og stigninga er på 677 høgdemeter. Opp mot toppen kan deltakarane i år kanskje måtta springa på snødekka sti.

På påmeldingslista finn vi både May Britt Buer og Thorbjørn Thorsen Ludvigsen som leiar cupen etter dei første løpa. Påmeldt er òg sterke utfordrarar som sist helgs suverene vinnar av Skuggenatten Opp, Tomas Bereket,  Øyvind Heiberg Sundby, Torstein Tengsareid og Merete Weng og Therese Sjursen. 
Arrangør er IL Fri. 
 
Nytt av året er at det også er tidtakning i den korte løypa som går til Redningshytten. 
 
Gullfjellet opp inngår også i Bergen FjellTrippel saman med Fløyen opp og Ulriken opp. I denne trippelen er det no May Britt Buer og Thorbjørn Thorsen Ludvigsen som leiar, avstanden til nestemann er hhv 2 og 5 minutt, så kampen er ikkje avgjort.
 
Påmeldingsfristen for Gullfjellet opp er laurdag 9. juni kl 18! 
 
Dei som skal vera med i Norgescupen, må vera medlem i idrettslag knytta til Norges Friidrettsforbund.

Detaljar om påmelding og tider finn du i Terminlista.



Kondis.no var på toppen av Gullfjellet i fjorårets løp, og vil også i år vere ute i løypa. Thorbjørn Thorsen Ludvigsen (biletet) vart nummer to etter Øystein Sylta. Sjå heile reportasjen og tidlegare reportasjar på Samlesida for Gullfjellet opp.