Rosendal FjellStreif føregår den 10.-12. august, og vi ynskjer deg hjarteleg velkomen! Offisiell opning av "Streifet" fredagskvelden med song, musikk og dans av lokale talent. Lørdagen blir det spetakulær fjelltur til Laurdalstrind 1307 m.o.h. Om føremiddagen, treningskurs med verdens beste motbakkeløpar Jonathan Wyatt frå New Zealand. Om kvelden ljosbileteshow med eventyraren Stein P. Aasheim + konsert med The Voice-stjerna Shaun Bartlett. 

Sjå program her; http://www.fjellstreif.no/program.aspx

I 2012 blir TV 2 Rosendal NutenOpp arrangert for sjuande gong. I år som NM, NECON motbakkecup og VM-uttak (eitt av fleire løp).
Velkomen til ein forfriskande tur til toppen av Malmangernuten: Måle krefter mot to av verdens beste motbakkeløparar, Antonella Confortola Wyatt, Italia (nr. 2 i verdenscupen og EM 2011) og Jonathan Wyatt (verdens beste motbakkeløpar siste 10-året, m.a. med seks VM i motbakkeløping). Påmelding treningskurs her; http://www.fjellstreif.no/program/2012/8/11/motbakkeloepskurs-med-verdens-beste.aspx

TV 2 Rosendal NutenOpp byr elles som alltid på flotte premiar: m.a. pengepremiar til dei tolv beste kvinner og menn, + løyperekordpremiar. Samla premieverdiar på nær kr 100 000, deriblant mange flotte uttrekkspremiar til deltakarar i tur & mosjonsklassen.
FjellStreif T-skjorte til alle!

Klikk her for påmeldinghttp://www.fjellstreif.no/program/2012/8/12/tv-2-rosendal-nutenopp---nm--necon-motbakkecup-2012.aspx / http://www.sportarena.no/index.php?param=start&forbund=2&krets=2&lag=2

Biletet av Joel Dyrhovden er frå Nuten opp 2010 då det var flott ver, men litt skodde på toppen. Du kan lesa tidlegare reportasjar frå Nuten opp på Samlesida for Nuten opp. Kondis.no er til stade også i år.