Offisiell opning fredag 10. august kl 1900 med Ingrid Kristiansen.


Frå Rosendal sentrum og 3.7 km opp til topps på Malmangernuten 892 moh.

Noregesmeisterskap og Necon motbakkecup... og TV 2
Dei fleste av dei beste motbakkeløparane i Noreg er venta, då "NUTEN OPP" er offisiell norsk meistersskap og tel sjølvsagt med i den norske motbakke -cupen. Når løpet heiter Rosendal TV 2 Nuten Opp kan du rekna med å koma på TV (sminkepersonalet står midt i den tøffaste stigninga).

Møt verdsmeister Jonathan Wyatt!
Tilskipinga er i samspel med Fjellstreif-opplegget. her er mange kulturelle tilskipingar tilknytt "Nuten Opp": konsertar, lokal mat og motbakkekurs med verdsmeister Jonathan Wyatt frå Australia. Rosendal, kjend for konsertar med store stjerner.
Her er turklasse og klasser med tidtaking for ungdom og oss over 50 år.

Rosendal Baroni er siste baroni i Noreg. Med ein vakker, vakker hage med hundretals ulike rosesorter og mange flotte konsertar i sommarsesongen, trekker Rosendal utallege turistar. Gjestehamna i Uskedal like ved, er kåra til beste gjestehamn i Noreg.

Mykje meir program: sjå www.fjellstreif.no

Les om Nuten Opp i fjor og tidlegare år på kondis.no


Øystein Sylta og May Britt Buer h.h.v.  nr 2 og 1 i prøve- NM i fjor.


May Britt Buer, Gular IL på toppen, der ho er blitt godt van med å stå. Nr 2 Antonella Confortola Wyatt og nr 3 Kjersti Karoline Danielsen.


Verdsmeister Jonathan Wyatt har lege sin elsk på Rosendal og Nuten Opp. Han er gift med den tidlegare skistjerna Antonella Comfortola, som framleis er kjempesprek.