Laurdag 29.7. sprang Kirsten Hundhammer Amundsgård, Team Dynafit inn til siger i Grossglockner ultra trail over 116 km og vel 5000 høgdemeter, med målgang i Kaprun, Austerrike. Kirsten var i ein heilt eigen klasse på kvinnesida.

Slutttida var 16 timer, 9 minutt og 11 sekund. Ho var heile 3.18.40 før nettbeste kvinne. Berre fire av 226 startande menn var føre jernkvinna frå Nesjestranda i Molde.

Løpet starta fredag kveld kl 22.00. Grunna uværsmeldingar vart løypa lagt om i starten slik at dei første vel 30 km vart gjennomført på veg i låglandet. Det viste seg å vera ei rett vurdering for det kom både tungt regn, lyn og torden seint på kvelden.
For Kirsten var nok løping på asfalt ikkje noken ideell start og ho låg litt bak dei første mila. Gjennom natta med mange høgdemeter i banken var det likevel ingen som kunne halda følgje med molde-jenta. 

Ho uttalte i intervju etter målgang at ho kjende seg fin fram til vel 85 km, men at det på dei siste 30 km handla om å setja eine fote føre den andre og kjempa seg til mållinja. Det gjorde ho med stil og vart hylla av arrangørane som dagens prestasjon. Truleg var denne maktdemonstrasjonen det sterkaste løpet av ei kvinne noken gong i dette tradisjonsrike løpet rundt dei høgste fjella i Austerrike.

Resultat kvinner:

1. Amundsgaard Hindhammer Kirsten 16:09.11,4  
2. Rambova Marcela 19:27.51,7 +3:18.40,3
3. Hasenauer Leonie 19:40.09,3 +3:30.57,9
4. Weissinger-Lusenberg Anita 20:49.39,9 +4:40.28,5
5. Panzenböck Nina 21:12.31,9 +5:03.20,5
6. Krchnava Andrea 21:14.32,8 +5:05.21,4
7. Hausmann Anka 22:34.20,6 +6:25.09,2
8. Scheiwe Eva 22:44.17,1 +6:35.05,7
9. Marzka Janerka Moron 23:02.44,2 +6:53.32,8
10. De Bruin Petra 23:23.09,3 +7:13.57,9
11. Ladenberger Simone 23:59.20,0 +7:50.08,6
12. Roman Dina 24:30.19,7 +8:21.08,3
13. Reichkendler-Huber Sandra 24:36.34,3 +8:27.22,9
14. Maurer Kathrin 25:40.28,2 +9:31.16,8
15. Abel Helke 25:54.14,2 +9:45.02,8
16. Paulínyov Radka 26:11.42,6 +10:02.31,2
17. Zenz Alice 27:19.56,4 +11:10.45,0
18. Dal Molin Manuela 27:28.07,2 +11:18.55,8
19. Santacroce Katharina 27:41.18,8 +11:32.07,4
20. Maldener Jasmin 27:46.34,7 +11:37.23,3
21. Fischer Nicole 28:37.00,3 +12:27.48,9

34 år gamle Kirsten Hindhammer Amundsgård vart mor for knappe 10 månader sidan og det gjer prestasjonen berre endå meir imponerande. Vesle Filip var med i støtteapparatet saman med sambuar og ultraløpar Sebastian Krogvig. Både Sebastian og Kirsten spring for Team Dynafit.

Sebastian Krogvig sprang 37 km distanse fredag 28.7. og vart nr 4.

Sjekk Dynafit sin Instagram

Arrangør sine nettsider: www.ultratrail.net

Resultat på datasport.com/live

20230729_131013080_iOS.jpg
(Foto: Dynafit)

20230729_061106310_iOS.jpg
(Foto: Dynafit)

Sebastian Krogvig.jpg
Sebastian Krogvig sprang 37 km distanse fredag 28.7. og vart nr 4. (Foto: Dynafit)