-----------------------

Pressemelding frå arrangøren:

Rosendal FjellStreif føregår den 10.-11. august, og vi ynskjer deg hjarteleg velkomen!

Lørdagen kan du delta på padletur på isbrevatn eller flott fjelltur til Andersfjell 1211 m.o.h. Om kvelden blir det offisiell opning av "Streifet" med song og musikk av lokale talent, ljosbilete/inspirasjonsføredrag med Kenneth Birkenes (kjent frå NRK programmet "Ingen grenser" med Lars Monsen) + konsert med Torhild Sivertsen og Per Hansmark frå den legendariske popgruppa TOMBOY

Sjå program her; http://www.fjellstreif.no/program.aspx

I 2013 blir ROSENDAL NutenOpp arrangert for åttande gong. I år som avslutningsløp i NECON motbakkecup (Norges Friidrettsofrbunds offisielle Norgescup). Velkomen til ein forfriskande tur til toppen av Malmangernuten: Måle krefter mot m.a., Antonella Confortola Wyatt, Italia - ei av verdas beste motbakkeløparar (nr. 2 i verdenscupen og EM 2011) .


Terje Aggvin er frå Varaldsøy rett utanfor Rosendal og har fast plass høgt oppe på resultatista. Her er frå løpet i 2009.

ROSENDALNutenOpp byr elles som alltid på flotte premiar: m.a. pengepremiar til dei tolv beste kvinner og menn, + løyperekordpremiar. Samla premieverdiar på nær kr 120 000, deriblant mange flotte uttrekkspremiar til deltakarar i tur & mosjonsklassen. FjellStreif T-skjorte til alle!

Klikk her for påmelding http://www.sportarena.no/index.php?txt=startliste_o2&ident=26&nyttarr2=26

Velkomen til folkefest i Rosendal.

Helsing arrangørgjengen i Rosendal Fjellstreif & ROSENDAL NutenOpp 2013 www.fjellstreif.no

NB. Eit lite tips - bestill overnatting snarast råd!

Sjå meir om Rosendal; www.rosendal.net

-------------------

Kondis.no har vore på mange av løpa. Du kan sjå tidlegare reportasjar på Samlesida for Nuten opp.