IF Klypetussen feirar i 2012 30 år. Klubben har grendene Frette, Håland og Sævareid som sitt nærområde: Her bur det om lag 260 menneske. Laget hadde i 2011 over 200 medlemmar.

Laget feirar med jubileumsløp

Løp nr 2 i jubileumskarusellen er ca 2250 m langt. Av dei metrane er ca 1500 i nedoverbakke - Trongabrekko. Bakken er kalla opp etter husmannsplassen Trongjo nedst i brekka. Så går traseen - i heilskap på asfalt - over i ca 750 m heilt flatt bort til målpassering. Her er det opplesing av resultata, og trekkiing av premiar både blant løparar og gåarar.

Éi jente = eitt flaxlodd
Ja, no må ikkje lesarane lesa mellom linjene. Ein privat sponsor har - for å få fleire jenter til å stilla opp i løpsklassen - lova å stilla med eitt flaxlodd for kvar jente som fullfører "Trongjo Ned". Desse flaxlodda vert så trekt blant alle jentene som fullfører.
Vinnarane får medlemsskap  i Kondis i premie, og noko frå HardangerBestikk i premie.I tillegg er det trekking av premiar på startnummer både blant trimmarane og dei som spring på tid.

Rekord i Trongjo Opp
Etter rekord-deltakinga i jubileumsløp 1 Trongjo Opp er arrangøren IF Klypetussen spente på om rekorden ryker også i nedovervarianten. Rekorden her er 70. Ny rekord utløsar kvar gong ekstra premie. 10 år gamle Kristian Silde vann 10 flaxlodd sist det vart rekord. Startkontingenten har arrangøren halde til kr 20,- i mange år. Poenget er flest mogeleg i trim - ikkje økonomi.

Løyperekordar:
Kvinner: Siv Merete Bø    Haugesund IL      7.05
Menn:     Gunnar Årvik     Rosendal Turn    6.29

HardangerBestikk til vinnarane
Celina Vik Torson og Joanna Norheim Knutson med HardangerBestikk i 1. premie. Dei gjekk likt over mål i 2011.

Sondre Lauareid Hovda vinn Trongjo Ned
Ung vinnar i "Trongjo Ned" 2011: Sondre Lauareid Hovda i mål ved Stordalsvatnet.


Ingeborg Stålesen er mange år, men ikkje gamal. Ho stiller opp i Trongjo Opp og Trongjo Ned. Superspreking!