Dale IL og Bergsdalen UL saman med Voss Sykleklubb går saman om å blåsa liv i ein meir enn 100 år gamal tradisjon. Bergsdalsvegen frå Dale til Storefossen var bygd i starten av det forrige århundre og knytte saman Bersdølene og Dalefolket. Dale IL vart stifta i 1909 og Bergsdalsvegen vart brukt av motbakkeentusiastar for å koma opp til Storefossen. Der bygde Dale IL klubbhus og hoppbakkar. Dette var starten på ei idrettshistorie som har satt djupe merke etter seg.
 
Vegen snor seg oppover og er kjent for bratte overheng og høge stup ned i elva. Vinterstid vart rattkjelken konkurransen for å koma fyrst ned. Farten kunne vera stor og svingane krappe. Ein rattkjelke kjøyrde ut i svingen og havna i elva. Terje fulgte med, men overlevde. Svingen fekk namnet Terjesvingen og heiter det den dag i dag.
 
Denne idrettshistoria er bakteppe for at det no vert arrangert motbakkerenn, -ritt og -løp. Rennet går på rulleski klassisk, rittet på sykkel og løpet til fots..Nesten 4 km med 10% jevn stigning vil setja sjølv dei sterkaste på prøve. Arrangementet går på Daledagane lørdag 9. Juli kl 1300, og eit stort publikum er dermed sikra. Bjarte Ytre Arne, halvsju-programleiaren, som speaker saman med Zumba-jentene vil laga ei fellesoppvarming som det står respekt av.
 
Les meir på Bergsdalen Opp si heimeside, der du kan sjekka kven som verkeleg tek dette på alvor og korleis det går med treninga i den tøffe løypa. Meld deg på og sjå Dale i feststemning.

Detaljar finn du og i Terminlista.

Tekst og foto: Dale IL

.
Fra 1992 til 2001 arrangerte Dale IL Bergsdalen Halvmaraton, som i disse 10 årene var et populørt løp med god deltakelse, Det siste året var det 120 som løp halvmaraton, som var det tredje største deltakertallet. Løpet ble ikke lagt ned på grunn av nedgangen i den generelle løpsdeltakelsen i årene rundt år 2000.