Sluseloepet_logo_bred.jpg
Intervju med Eivind Tore Langelandsvik på vegne av Sluseløpet
Fødd: 1975
Bur: Skjoldastraumen i Tysvær kommune i Nord-Rogaland

Slusene i Skjoldastraumen er dei einaste saltvanns-slusene i Noreg som framleis er i bruk

Skjoldastraumen:
Straum, Dalsbygda og Yrke: tilsaman 671 innbyggjarar

Eivind Tore Langelandsvik og Thomas Finshus byrja å planlegga det aller fyrste Sluseløpet over eit år før det starta opp i 2011. Dei håpa på over 30 deltakarar – 130 kom. Desse fekk ei veldig flott oppleving. I 2012 vart Sluseløpet eit storløp, med 330 deltakarar. Der var og Thomas Alsgaard.

DSCN3989.JPG
Suksess-oppskriften: Eivind Tore Langelandsvik fortel om suksessen SLUSELØPET

Kondis har teke ein liten prat med éin av dei to gründarane av dettte 4.4 km lange løpet som går i åttetal på begge sider av slusene.

Kondis: Forventingar for 8. september 2013?:
Eivind Tore: Me håpar på like mange som i fjor, men ser ikkje bort frå at det kan nærma seg 500.

Kondis: Me har forstått det slik at Sluseløpet har ført til endringar her i Skjoldastraumen?
Eivind Tore: Ja, på dei to åra som har gått virkar det som det har generert at mange inaktive har kome seg i gang med trening. Det er slikt som varmar meg som ansvarleg. Det å føla at du har sett i gong noko – folk som aldri har trimma legg seg i selen for å vera med på konkurransedelen. Eg ynskjer at terskelen skal vera låg for å delta i konkurranse. Gå/trim er også fint, men det er kjekt når folk tør å vera med på sjølve konkurransen.

Kondis: I fjor hadde de Thomas Alsgaard som trekkplaster, det slo veldig poistivt ut ?
Eivind Tore: Ja, definitivt. Konkurransen Thomas mot vår eigen Thomas (Finshus) var med på å heva PR-verdien. (Stian Vestbø vann føre Finshus og Alsgaard, kondis merknad). Men her skal konkurranseterskelen vera låg.
 

Kondis: Er det fleire faktorar for at dette løpet har slik suksess?
Eivind Tore: Me har lågbudsjett på startpengane. Kr 100.- for vaksne og kr 30.- for ungar. Gåtrimmarar betalar kr 50.-. Og så legg me mykje vekt på premieutdelinga, kafé og møteplass for samkome både før, under og etter løpet.

Oppkøyringstrening:
Som i fjor satsar Sluseløpet på oppkøyringstrening – folk skal med andre ord få hjelp av arrangøren til å koma i form til 8. september.

Kondis sin konklusjon på Sluseløpet sin suksess:
1. Grundig førebuing – gjennomtenkt heilskap, ikkje berre konkurranse
2. Bruka tilgjengelege informasjonskanalar – ikkje minst www.kondis.no
3. Lytta til råd
4. Tørre å satsa
5. Venleg atmosfære i alle ledd

Facebookside:  Sluseløpet