Litledalen ligg ca 10 km aust for Etne senter. Kommunen har 4100 innbyggjarar. Mange, mange tilskipingar av ymse slag. Etne-marknaden er megastor. For ein del år sidan vart det selt 52 000 billettar!! Og då slapp alle under 7 år gratis inn dei fire dagane marknaden varte. Om lag same storleik er det på Bluesfestivalen i Skånevik. Etne-cup i fotball er også ei stor tilskiping. Men her er óg andre fine tilskipingar som "Langs Åkrafjorden" og "Rullestadvatnet Rundt" som samarbeider med "Vatnet Rundt".

"Vatnet Rundt" med bra premiering
Kr 2000,-  1000,- og 750,- for dei tre raskaste kvinner og menn. I tillegg er det kr 1000,- for løyperekord som vart sett under prøveløpet i 2015.


Påmelding via denne lenka til EQ-timing sitt system
 


DSCN6086.JPG
Mats Hauge frå Haugesund IL sette løyperekord som 18-åring i prøveløpet. Han har vist kjempeform hittil i år. Kjem han, senkar han nok rekorden med ein del sekund.  Rekord: 25.31.          Foto: Sellevold/Kondis

DSCN6088.JPG
Ann Kristin Mosbron (midten) sprang på 30.13 i prøveløpet og det er gjeldande rekord for kvinner. Her flankert av Inger Johanne Klokset og Tina Barane, gode løparar det óg.      Foto: Sellevold/Kondis

Gisletussen%2B452_640x853 Maryna Sluse 2012.jpg
Er Maryna Novik på veg til formen i NM 13 dagar etter Vatnet Rundt, kan ho vera ein av dei som er kapabel til å setta rekord. Her flankert av betydelege løpejenter i Sluseløpet i Skjoldastraumen i 2014, Marte Jensen til venstre og Hanne Steinstø til høgre for Maryna.         Foto: Sellevold/Kondis     

Vatnet_rundt_visittkort-1.jpg

500 av dette visittkortet vart delt ut på løp rundt omkring i Hordaland og Rogaland. Ein av dei som har dette med seg på løpsdagen, vil vinna 20 flaxlodd.