Djupadalten - eit løp der folk kjem igjen og igjen
Dei største løparane i Djupadalten må seiast å vera Susanne Wigene og Urige Buta
Om Susanne deltek, så er det som sokalla mosjonist. Men Urige er framleis eliteløpar. På grunn av sjukdom nyleg valte han å stå over Amsterdam Marathon der han vona å kvalifisera seg til OL i Rio. Men 9.3 km på heimebane skulle vera mogeleg, vil me tru. Då er det spennande å sjå kva han klarer.
SISTE: Urige Buta stiller ikkje, grunna sjukdommen. Han har vore uheldig med skadar og sjukdom, Urige måtte stå over Amsterdam Marathon, og no også Djupadalten.
Kondis ynskjer Urige god betring, og vonar han klarer OL-kravet på maraton når han er frisk og skadefri.
I Djupadalten er vel ein annan storløpar, Ørjan Grønnevik, favoritt i den lange løypa? Kanskje ville Ørjan ha vunne uansett. Who knows, for å seia det på godt nynorsk? Han var i tet i NM i terrengløp forrige helg til det var berre 70 m igjen. Då spurta Henrik Ingebruigtsen forbi og det blei sølv på Ørjan.
Urige Buta i farta i Djupadalten i 2013. Arkiv: Kjell Vigestad/Kondis
Suveren løyperekord for kvinner: Susanne Wigene.
Løyperekordar:
Kvinner: Susanne Wigene 31.39 (2013)
Menn: Urige Arado Buta 27.36 (2009)
Tre raskaste i Djupadalten 2014:
Kvinner:
1. Elisabeth Angell Bergh, Haugesund IL 34.10
2. Hanne Steinstø, Haugesund IL 35.05
3. Maryna Novik, IF Klypetussen 35.36
Menn:
1. Urige Arado Buta Haugesund IL 28.46
2. Zenebe Brkineh Frew Sandnes IL 29.12
3. Erik Sjøquist Svensenga 29.30
Men fyrst og fremst er dette ei tilskiping for dei som likar å mosjonera, og konkurrera med naboen, eller seg sjølv. For her kjem deltakarane igjen og igjen.
Deltakartal, talet på fullførande, er også eit spenningselement
I fjor fullførte heile 1580 på dei tre distansane. Pr 23.10. er årets løp komen opp i 1304 påmelde. Erfaringa viser at mange melder seg på på løpsdagen, men det er og ein viss avskaling blant dei førehandspåmelde.
Målgang på varm plass (men ikkje sååå varm....)
Målgang dei siste åra er inne i Deep Ocean Arena. Der er det sjølvsagt også garderobar. Om det blæs, regnar, eller snør så gjer målgang inne i 20 varme gradar inne i den flotte Deep Ocean Arena at ein kan få dusja og tatt på seg tørt tøy utan å bli sjuk. Dette er ei stor føremon i høve til i gamle dagar.
Spurtprisar og flott premiering
Sørhaugspurten: kr 1500,-
Bakkespurten: kr 2000,-
Seier: kr 4000,-
2.plass: kr 2000,-
3.plass: kr 1000,-
Skeisdalten: kr 1500,-
Løyperekord: kr 1000,-
Mange, mange glade born i full fart frå start. Arkiv: Kjell Vigestad/Kondis
Mange mot mål i Deep Ocean Arena. Arkiv: Kjell Vigestad/Kondis
To store profilar frå Haugesund IL: Karl Johan Rasmussen og Urige Buta. Karl Johan er no trenar for Urige. Arkiv: Kjell Vigestad/Kondis
Også Haugesund ILs profilar: Stian Vestbø og Morten Velde. Arkiv: Kjell Vigestad/Kondis