Egersund Halvmaraton - raskaste halvmaraton i Noreg?
For eit løp som går i byrjinga av mars, vil ver og føre spela inn på kor gode tider ein oppnår. Men dei lange rette strekningane, og det at løypa er høgast ved vending på Krossmoen, gjer at det ofte vert raskare siste halvdel. Her er det mange som får ei positiv langdistanse-oppleving.

Kontrollmålt løype
Halvmaraton er ein internasjonal distanse. Då er det for mange veldig inspirerande at dei veit at løypa har korrekt lengde - tida vert godkjend for statistikkar. I Rogaland er det Ingolf Dale i Stavanger som er autorisert løypemålar. Kondis oppmodar alle arrangørar av internasjonale distansar til å få kontrollmålt løpa sine. Lista over kontrollmålte løyper og løypemålarar i ditt distrikt, finn du om du trykkjer på lenken under.
Meir om kontrollmåling av løyper

Anne Jorunn Hodne, GTI og Tom Ole Dalsrud,  raskast i fjor
1.22.19 var den gode vinnartida til Anne Jorunn Hodne, GTI i 2011. Året før hadde ho 1.20.11. For mennene var det hard kamp mellom Tor Ole Dalsrud med 1.12.14 og Gjermund Groven på 1.12.19.

Egersund IK, friidrett arrangerer løpet for 32. gong laurdag 3. mars 2012.


Frå starten av Egersund halvmaraton 2011.                                                                                          Foto: Thomas Hetland


 Nr 1 og 2 frå løpet i 2011: Nr 1: Tom Ole Dalsrud (5)  &  nr 2: Gjermund Groven (19)                   Foto: Thomas Hetland

Informasjon om årets løp:
Microsoft Word - EHM_2012.doc


Reportasje og resultater fra Egersund Halvmaraton 2011

Reportasjen i fjor fekk over 4000 treff - og det skulle tyda på at arrangementet i regi av Egersund IK friidrett har eit mykje høgare deltakar-potensiale.

Reportasje og resultater fra Egersund Halvmaraton i 2008