Bruløpet går over fleire bruer i Trekantsambandet på Bømlo og Stord.

Det har til no ikkje vore noko stort løp, men no ser det ut til å vera på veg opp. Eldsjel Nils Hetleflåt (som har eigen fan club på facebook), melder om rekordpåmelding - sjølv om løp(a) går i dag (onsdag) midt i veka. 18 påmeldte på 10 km og 21 på halvmaraton. Kanskje med påmeldinga ved start kan ein passera "magiske"  50 deltakarar?

Kondis vil vera til stades og ta bilete og laga reportasje.