Vikedal er ein vakker stad i Vindafjord kommune i Nord-rogaland. Bygda er spesielt kjend for dei mange festivalane. Samstundes med motbakkeløpet Hestanipen Opp gjekk Sommarfestivalen. Den mest kjende festivalen er den store Vikedal Rootsfestival.

Maryna Novik og Thomas Vestbø sigra

Maryna sette løyperekord på ei tid som ville ført ho høgt opp på resultatlista i herreklassen. 27.37 i ei t 3.5 km langt motbakkeløp høyrest sterkt ut. Fleire gode  motbakkeløparar på herresida kom bak ho. I herreklassen slo Thomas Vestbø Ragnar Stølsmark som hadde den gamle løyperekorden. Ny rekord: 21.39. (Pussig nok same tid som Thorbjørn Ludvigsen sin nye rekord i Langfoss Opp tre veker tidlegare då han senka Thomas sin rekord).  

Deltakar-rekord både i konkurranse - og turklassen
I konkurranseklassen for damer var det 11 på tid. I tillegg fire jenter 0- 14 år og ein i 15 - 19 år. For gutane var det 47 herreløparar, 14 i 0 - 14 år og fem i 15 - 19 år. Bra tal for eit ferskt motbakkeløp i ein region med mange motbakeløp frå før. I alt var det 201 deltakarar.

RESULTAT: