Ingressbiletet: Dei tre raskaste mannfolka under fjorårets løp.   

Rekordpåmelding i eit løp utan førehandspåmelding?         
Det går på ein måte ikkje ann; men går ann likevel. For to eldsjeler i Etne, Anne-Britt Grindheim og Jorunn Halsnes har sett i gang "Kenneth Birkenes Marsjen" til inntekt for forsking på den skjeldne kreftsjukdommen Ewings sarkom. Visstnok som einaste i verda, har Kenneth Birkenes overlevd utbrot av denne sjukdomen heile fire gonger. Du hugser kanskje Kenneth frå "Ingen Grenser" med Lars Monsen. Han gjekk alltid med orange topplue, og tok tunge tak bak rullestolen.   Kenneth er etnegut.

Då nemnde Anne-Britt i vår vart utfordra i farsotten å bada i iskaldt vatn, sa ho nei takk. Ho ville heller kle seg i klovneutstyr og samle inn pengar til kreftforsking. Som sagt så gjort. Ho fekk med seg Jorunn Halsnes som har blomsterbutikk i Etne senter.

No har over 150 teikna seg på på facebook for å delta i "Kenneth Birkenes Marsjen". Arrangøren reknar med dei og mange fleire deltek også i "Langs Åkrafjorden",

Fire_paa_Etne_senter.jpg
Jentene bak "Kenneth Birkenes Marsjen" Jorunn Halsnes og Anne-Britt Grindheim med sine stolte fedre, John og Arnt ved si side.

Dobbel kondis-rabatt
Langs Åkrafjorden er 11 km og kvalitetsløp i Kondis. Normalt har så korte løp kr 25,- i kondisrabatt. Men Langs Åkrafjorden har dobla denne rabatten til kr 50,-. 

jentetrio.jpg
Kan bli supert jenteoppgjør i "Langs Åkrafjorden" 2014. Frå venstre: Maryna Novik, Hanne Steinstø og Ann Kristin Mosbron

20140803_122445_640x480.jpg
Kirsten Lien har vel aldri vore betre. Ho vart m.a. nr tre i eit bra felt i det nystarta Etne Duathlon..  IF Klypetussen vonar ho er med å styrke jentefeltet.


1393842_10152180685676481_7843054220423393281_n_620x791.jpg