English version: Laban Siro goes for record

Rullestadvatnet
ligg nydeleg til ved E-134 når du kjem frå Røldal mot Haugesund. Runda rundt vatnet er om lag 4.5 km på asfalt, skogsbotn, litt grus, nokre tretappar og bruer.  Arrangøren meldar at starten for løpet går kl 1300.

Løpet går  15. juli og arrangerast av Fjæra og Rullestad IL for 3. gong. Arrangøren har sjølv mange gode løparar som: Sverre Fjæra, Ole Rullestad og brørne Sondre, Erik, Jørgen og Tøres Rullestad. Per i dag er det Erik som representerer Haugesund IL, som nok er den sterkaste. Veslebroren Tøres er også verkeleg lovande.

Rullestad Aktiv Fritid med løypevideo
Start og mål
: ved den flotte, nye campingplassen Halvfjordingen. Her kan ein dusja, få seg middag etter løpet og leiga overnatting. På denne lenka kan du sjå videoen av den spennande løypa rundt vatnet: http://www.youtube.com/watch?feature=player_embedded&v=NcHdviHvXGs

Fiskefestival med lange tradisjonar
Dagen før løpet er det fiskefestival nede i Fjæra i gangavstand frå Halvfjordingen og Rullestad Aktiv Fritid som står bak campingplassen. Her er det badestrand og utleige av båtar.


Kristian Silde frå Etne IL er også ein lovande løpar som kan koma høgt opp på resultatlista om han stiller.
Liten og lett og utruleg tøff!


Også røldølar er tøffe. Her representert ved løyperekordhaldar Kjersti Fresvik.


"Alle stiller". Den unge "gamleordføraren" deltek også på heimebane. Habil løpar også han. 


Fjorårsvinnarane og løyperekordhaldarar  Kjersti Fresvik, Røldal IL og Thomas Finshus, Stegaberg IL.

Resultat frå Rullestadvatnet rundt 10.07.2011
Arrangør: Fjæra og Rullestad IL

Det var 30 med i turklassen og 19 i løpsklassen. Veret og dårleg marknadsføring får ta skulda for at ikkje fleire deltok! Flott atmosfære.

Damer:
1. Kjersti Fresvik,   Røldal IL         26.13 (ny rekord)
2. Elisabeth Silde,   Etne IL           33.46
3. Sølvi Markhus,     F.R.I.            35.52
4. Maren Markhus,     F.R.I.            44.12
5. Helene Markhus Brekke, F.R.I.        52.31
6. Marthe Markhus,    F.R.I.          1.31.26


Herrer:
1. Thomas Finshus, Stegaberg IL         21.23 (ny rekord)
2. Erik Rullestad, F.R.I.               22.42
3. Øystein Ekrheim, Etne IL             24.02
4. Jostein Skare Thygesen, IL Korlevoll 24.05
5. Hans Rune Eikeskog, Stegaberg IL     24.17
6. Sverre Aksland, Stegaberg IL         24.54
7. Ole Rullestad, F.R.I.                26.04
8. Jan Egil Utsikt,                     26.37
9. Ove Ekrheim, Etne IL                 27.57
10. Kristian Markhus Brekke, F.R.I.     30.05
11. Kristian Silde, Etne IL             30.34
12. Lars Øyre, F.R.I.                   37.07

13. Gisle Sellevold, IF Klypetussen     41.41