Stor deltaking  fyrste året
142 deltakarar i det fyrste (tur)løpet rundt Rullestadvatnet. Fjæra og Rullestad IL har bygd bruer, tretrapper og rydda buskar i stor stil. Eit veldig flott arbeid der dei aller fleste i dei to små grendene har teke del.

Start og mål ved Halvfjordingen.
Starten av løypa ca 500 m er på asfalt, så er det på den nye stien på sørsida av vatnet, før dei siste 500 m er grus, asfalt. Litt klatring i tretrapper, men ikkje mange høgdemeter. Ein ser mål heile vatnet rundt. Eit flott familievenleg løp med kafé i start/målområdet.  Start løp: kl 1300.

Spesiell seier i fjor

Tom Steine frå Holmestrand IL vann herreklassen i fjor. Det var samstundes hans 100. seier i løp. Imponerande! Sølvi Markhus var best av damene.


 Sølvi Markhus og Tom Steine. Vinnarane i Rullestadvatnet Rundt i 2010.


 Dei små pluss nokre ungdommar klare til start i 2010.


Erik Rullestad, lovande talent frå arrangørklubben gjorde det særs bra i fjor.