For damene er dette poengstillinga i motbakkecupen før Nuten Opp (6 av 7 løp fullført i cupen)
1. Merete Weng 530 poeng (deltatt i 6 av 7 løp så langt)
2. May-Britt Buer 490 poeng (5 løp)
3. Therese Sjursen 465 poeng (6 løp)
4. May Bente Weng, IL i BUL, 425p (5 løp)
5. Merete Helgheim, Gloppen FIL, 370p (5 løp)
 
May-Britt Buer har kun delteke i fem av dei sju løpa så langt, medan Weng og Sjursen har delteke i alle seks. Dermed treng Buer kun ei god plassering for å vinne NECON motbakkecup 2012. På damesida er alle dei fem beste påmeldt i Rosendal.
 
For menn er dette poengstillinga før Nuten Opp:
1. Thorbjørn Thorsen Ludvigsen, BFG-Fana, 480p (5 løp)
2. Torstein Tengsareid, Skjalg IL, 405p (5 løp)
3. Tomas Bereket, Larvik Turn, 390p (4 løp)
4. Johan Bugge, Eidsvåg Il, 350p (4 løp)
5. Stian Hovind-Angermund, Varegg, 345p (5 løp)
5. Jann Olav Tjønneland, Viksdalen IL, 345p (6 løp)
 
Om ikkje noko særskilt skulle skje, har Ludvigsen vunne cupen for menn. Bereket, som har vunne tre av dei fire løpa i cupen han har delteke i, er den einaste i teten som ikkje er påmeldt Nuten Opp.
 
Premiepotten i cupen er:
1.premie: 15 000.-
2.premie: 10 000,-
3.premie: 5 000,-
 
For U23 gjeld i tillegg:
1.premie: 5 000,-
2.premie 3 000,-
3.premie 2 000,-
 
 
Her er påmeldingslista i TV2 Rosendal Nuten Opp;
 
 
Fullstendig liste over løpa i NECON motbakkecup:
 
Dato Løp Distanse/Stigning Arrangør Stad
12.mai Storehaugen Opp 3,7 km/901 m Lærdal IL-friidrett Lærdal
2.juni Skuggenatten Opp 4,3 km/456 m Treungen IL Treungen
10.juni Gullfjellet Opp 8 km/ 677 m IL FRI-friidrett Bergen
16.juni Molden Opp 7 km/1116 m IL Bjørn Luster
22.juli Mefjellet Opp 7 km/1095 m Valldal IL Fjørå
4.aug Saudehornet Opp 6 km/1301 m Ørsta IL Ørsta
12.aug Rosendal NutenOpp 3,7 km/890 m Fjellstreif & RT-friidrett Rosendal
Poeng vert tildelt etter resultatlista i kvart løp. Kun deltakarar som representerar ein klubb tilknytta Norges Friidrettsforbund er med i cupen. NECON motbakkecup 2012 dannar grunnlaget for uttak til alle dei internasjonale meisterskapa som EM, VM og Grand Prix.
 
Ved spørsmål til NECON motbakkecup OG NM i motbakkeløp 2012, kontakt Jostein Hatteberg