Biletet: Storehesten opp i Gaular er årets NM-løp. Heidi Weng var beste dame i 2011.

NECON motbakkecup er Norges Friidrettsforbunds offisielle norgescup i motbakkeløping, og dei utvalde løpa i NECON motbakkecup 2013 (som òg inkluderer NM), dannar grunnlaget for uttak til alle dei internasjonale meisterskapa i motbakkeløp.

Eit nytt år, og ein ny motbakkeløps-sesongen er no i startgropa, og interessa blant arrangørar om å bli med i cupen er aukande. Det har såleis vore hard konkurranse om å få arrangera løp i årets cup. 

- Til årets cup har vi hatt vel 20 søkjarar å velja mellom, og vi er svært tilfreds med interessa, seier Narve Heggheim, nestleiar av Motbakkeløpsutvalet i Norges Friidrettsforbund.

Totalt består NECON motbakkecup 2013 av 7 løp. For kvar utøvar er 6 av desse løpa teljande når sluttstillinga i cupen skal gjerast opp.

Samanlagtvinnarane i NECON motbakkecup konkurrerar elles om ein samla premiepott på 100.000 kroner.

- Vi trur det vil bli mange spennande løp og duellar i årets cup, og deltaking og resultat i NECON motbakkecup vil danna grunnlaget for uttak til EM i motbakkeløp i Borovets - Bulgaria 6. juli. Dette er nedfelt i toppidrettsutvalget sine "krav og kriteriar" for 2013 (sjå event. lenkje: http://www.friidrett.no/nyheter/Documents/Krav%20og%20kriterier%202013.pdf).


Motbakkeløping er blitt veldig populært dei siste åra og har i det heile hatt ein voldsom vekst. Som bevegelse er dette den raskast veksande i norsk idrett. Deltakarane konkurrerar både med seg sjølve og konkurrentane. I tillegg får dei med seg fantastiske naturopplevingar. Deltaking i motbakkeløping er rett og slett eit "løft" til betring av den generelle folkehelsa. Dette har mange oppdaga, og vi trur at mange fleire vil bli med på flotte oppturar i 2013.

Ytterlegare info og detaljar om årets NECON motbakkecup vil verta lagt ut på cupen sine nettsider 
www.motbakkecup.no etter kvart. 

Spørsmål rundt NECON motbakkecup 2013, kan rettast til:

Jostein Hatteberg (leiar) 
Motbakkeløpsutvalet i Norges Friidrettsforbund
Tel 489 94 213 
rosendal@folgefonn.net 
www. 
motbakkecup.no

Øvrige medlemer i Motbakkeløpsutvalet:
 
Narve Heggeim (nestleiar)
6843 Skei

Knut Arild Maråk (styremedlem - ansvarleg for resultat & poengrekning Norges Friidrettsforbunds Motbakkecup) 
6216 Geiranger

Ingrid Kristiansen (styremedlem) 
Nils Collett Vogts vei 51 B,  0765 Oslo

Helge Kårstad (styremedlem) 
6977 Bygstad

May Brit Buer (styremedlem - utøvarrepresentant) 
5773 Hovland

 

 

 

dato

løp

distanse

stigning

arrangør

stad

web

1

20.05.2013

Storehaugen Opp

3,7 km

901m / 24,4 %

Lærdal IL-friidrett

Lærdal, Sogn & Fjordane

www.storehaugenopp.com

2

01.06.2013

Skuggenatten Opp

4,3 km

456 m / 10,6 %

Treungen IL

Treungen, Telemark

www.skuggenattenopp.no

3

08.06.2013

Gullfjellet Opp

8 km

677m / 8,5 %

IL FRI-friidrett

Bergen, Hordaland

www.gullfjelletopp.no

4

15.06.2013

Hovlandsnuten Opp

5,9 km

910 m / 15,4 %

IL Ny Von

Sauda, Rogaland

www.hovlandsnuten.no

5 + NM *

29.06.2013

Storehesten Opp

ca 11 km

1209 m / 11%

Gaular IL

Bygstad, Sogn & Fjordane

www.storehestenopp.no

6

03.08.2013

Saudehornet Opp

6 km

1301m / 21,7%

Ørsta IL

Ørsta, Møre & Romsdal

www.saudehornet.no

7 11.08.2013 Rosendal Nuten opp 3,7 km 890 m/24 % Fjellstreif og RT-friidrett&Omvikdalen IL Rosendal, Hordaland www.fjellstreif.no


Kondis.no har gjennom åra hatt store biletreportasjar både frå desse og alle dei andre fine motbakkeløpa i landet. Du finn oversikta på 
Samleside for motbakkeløp.