Årets løp går laurdag 15.juni. Samme dag er det også både Ståk i Skjåk og Korstemne, så denne dagen blir det liv i Bismo sentrum.

Målgang blir ved grensa til Breheimen nasjonalpark, 1100 meter over havet. Sjølve løpet er på 700 høgdemeter. Løpet vart ikkje arrangert i fjor, men er altså tilbake igjen i år, og eldsjelene i Skjåk IL ønskjer no at løpet skal blomstre.

Nytt av året er «Flækøyhøe Upp Light». Dei som ynskjer det kan væra med i løpet, men med målgang på Øvre Flaten på ca. 620 moh.

Med seg på laget har arrangørane Skjåks eigen motbakkeløpar Simen Teigum Slettede. Han vann mellom anna Ledenløpet og også halvmaraton i fjorårets Skåbu Fjellmaraton.

Rekord dameklassa: Ingeborg Synstnes Hole 35:39
Rekord herreklassa: Geir Steig 31:02

Les meir om Flækøyhøe upp

Påmelding til Flækøyhøe upp 2024

Tre_jenter_small.jpg
Fra Flækøyhøe upp 2016. (Foto: Lars Kurt Haugen)
Med fantastisk natur, nasjonalparkar og høge fjell på alle kantar er Skjåk et naturlig sted for motbakkeløp.

Simen springande Fupp close.jpgMed seg på laget har arrangørane Skjåks eigen motbakkeløpar Simen Teigum Slettede. Han vann mellom anna Ledenløpet og også halvmaraton i fjorårets Skåbu Fjellmaraton. (Foto: Heidi Teigum Slettede)

Simen ståande med merka målgang.jpgMålgang ser du avmerka med gult. (Foto: Heidi Teigum Slettede)