Skjoldastraumen ligg i Nord-Rogaland om lag 25 km aust for Haugesund. 45 mil frå Oslo...

Foredrag laurdag 7. september med Halvard Hanevold
Frå pressemeldinga me fekk, tek me med at Halvard Hanevold held foredrag om å bli litt betre kvar dag. Dette skjer i sentrum av Skjoldastraumen laurdag kveld. 

Løp med/mot Halvard Hanevold sundag 8. september
Turgåing, barneløp og konkurranseklasse for vaksne er litt av innhaldet på SLUSELØPET. 3 OL-gull og fem VM.gull i skiskyting har Halvard Hanevold. Litt av ein prestasjon av eit bygdelag som har 671 innbyggarar i dei tre små grendene dei representerer - å få ein slik profil til sitt arrangement. 130 deltakarar fyrste året, og 350 det andre. Så spørs det om alt arbeidet også i år fører til auka vekst.

Åttetalsløype på 4,5 km for dei vaksne
Arrangøren opplyser at løypa er 4.5 km lang. Kondis har vore representert dei to fyrste åra og veit at løypa er kupert med sentrum i norges einaste aktive saltvass-sluse. 
Og så har dei flott løpskafé...

Sluseloepet_FOREDRAG2013.jpgSluseloepet_infoplakat_2013.jpg