Lørdag 17. august er det 11 km på gamle E-76 langs Åkrafjorden.

11 spektakulære kilometre på bilfri veg
Løp, tur og tursykling.
I orangedrakt midt på ingressbiletet ser du Ingrid Kristiansen, som også har vore med på "Langs Åkrafjorden".

Høgare premie for "the ladies"
På oppfordring frå Kondis starta me i 2012 ein lite brukt variant at premiepotten aukar kvart år som løyperekorden ikkje vert slått. I fjor pressa Laban Siro ned sin eigen rekord til 33.16 på 11 tøffe kilometer.

Jenterekorden tilhøyrer Miriam Berg Hovda
Miriam sin rekord på 41.28  vart ikkje slått i fjor. Dermed plussar IF Klypetussen på kr 500.- på kr 1500.- For løyperekord for damene. Fyrstepremien på kr 1500.- kjem i tillegg. 

Arrangøren satsar mykje på atmosfære
I mål er det speakerteneste , levande musikk, grilling og premieutdeling. Alle løparar, syklistar og gåarar får krus med løpslogo på dei fem fyrste åra dei fullførar. 

Også Bergpris på høgaste punkt 
Det er ein bra motbakke opp til høgaste punkt etter 2930 m. Fyrste kvinne og mann opp her vil få med seg litt HardangerBestikk.

Langs Åkrafjorden er "Kvalitetsløp" med rabatt for Kondis-medlemmer og med kontrollmålt løype. 


Tre raskaste jenter i fjor. Hard kamp som Maryna Novik (285) avgjorde med få sekund til sin fordel i 2012.  I midten Trude
Solvi Nordstrøm og til høgre Kjersti Fresvik. 2o13 vert ekstra spennande om løyperekorden ryk. 70 sekund mangla i fjor. 


Erik Rullestad - lokal gut frå Rullestad. Han er no ein framgangsrik mann i Haugesunds IL.


 Bergpris på toppen etter 2930 m. 700 m ned i starten så 2200 m motbakke.