Eit av landets tøffaste maraton gjekk laurdag 28. mai av stabelen for 14. gong.   Løparane startar i Nomeland i Setesdal på 250 moh og spring fjellvegen over til Sirdal. Turens høgaste punkt ligg på 1050 moh og målområdet ligg på Suleskard på 580 moh. Halvmaraton startar oppe på fjellet og følger siste del av maraton-trasèen ned til Suleskard.

 Årets utgåve av løpet vart ekstra krevjande med sterk motvind og eit regn såpass kaldt at det ikkje var langt unna sludd
 
Tradisjonen tru vart det også arrangert barneløp og stafett med 10 etappar, som fylgjer same trasè som maraton-løypa.
 
I konkurransen mellom beste maratonløpar og beste stafettlag var i år dei unge gutane frå Sirdal V.G.S. ikkje til å trua. Dei fekk sluttida 2.54.56, og forutan å slå beste maratonløpar, Jarle Risa frå Undheim IL, 3.10.10, slo dei også både sauegjetarane som sprang for Brokke driftehei og snekrane på Sirdal snikkerlag.
 
Kvinneklassen i maratonet vart vunnen av Vera Nystad frå Søgne IL på 4.17.43. Halvmaraton menn vart vunnen av Sondre Risdal Solheim mens Wenche Lægraid Kvæven kom først i kvinneklassen.
 
To av dagens sterkaste prestasjonar stod 11-åringane Aron Rysstad og Elin Uppstad for i halvmaratonet. Etter eit langt løp i kraftig motvind kom dei inn på tidene 1.40.46 og 1.41.12. Valle IL i Setesdal har tydelegvis sterke kort i ermet på junior-sida. På spørsmål om løpet frista til gjentaking svarte dei tydeleg Ja. Her er løperar ein nok vil sjå meir til, både på fjellet mellom Sirdal og Setesdal og andre stader.
 
Minimaratonet for barna hadde 16 påmeldte unge atletar. Feltet starta svært friskt ut, og sjølv om enkelte nok merka tempoet mot slutten, fullførte alle i fin stil.
 
Maraton menn topp 5
1. Jarle Risa                      Undheim IL                  3:10.10
2. Bjørn Magne Svines              GTI Distanse                3:10.28
3. Jan Tore Bjerkreim Paulsen      ski/ConocoPhilips           3:13.07
4. Odd Gunnar Tveit                                            3:23.22
5. Ivar Refsland                   Heskestad IL                3:29.02
 
Maraton damer
1. Vera Nystad                     Søgne IL                    4:17.43
2. Lise Lithun                     GTI                         4:41.55
3. Bettina Simonsen                                            4:49.41
 
Halvmaraton damer topp 5
1. Wenche Lægraid Kvæven           GTI Stavanger               1:27.18
2. Elin Valle                      Uppstad IL                  1:41.12
3. Anette Belland Svendsen         Kristiansand crossklubb     2:00.38
4. Signe Sirdal                    Jomås skilag                2:03.49
5. Janicke Dolphin Løland                                      2:05.09
 
Halvmaraton menn topp 5
1. Sondre Risdal Solheim                                       1:19.15
2. Jørgen Grønsund                 Hetland Sport AS            1:20.42
3. Eiterjord Gunnar                GTI                         1:22.31
4. Øyvind Hompland                 Tonstad IL                  1:28.52
5. Torbjørn Kvassheim              Løybegjengen                1:29.24

Kvinner - 10 x 4.2 km
1. SirdalV.G.S                          3:29.30
2. Sirdalsrypene                        4:06.00
 
Menn - 10 x 4.2 km
1. Sirdal V.G.S                         2:54.56
2. Sirdal snikkerlag                    3:28.03
 
Mix - 10 x 4.2 km
1. Brokke Driftehei                     3:32.09
2. Sirdal Skilag                        3:43.11
 
 
 
 
Tekst og foto: Tore Kvæven (der annet ikke er nevnt)
 
Jarle Risa frå Undheim idrettslag på veg mot mål. Foreløpig i einsam majestet. Men
Bjørn Magne Svines frå GTI distanse fulgte berre 18 sekund bak.

Sondre Risdal Solheim. Stor fart i innspurten gav vinnertida 1.19.15 på halvmaraton.

Wenche Lægraid Kvæven på den siste flaten før mål. Tid 1.27.18.

Frå venstre: Bjørn Magne Svines (3.10.28), Jarle Risa (3.10.10) og Jan Tore Paulsen ( 3.13.07)


Vera Nystad, Søgne IL,  fornøyd og blid ved overrekkelse av 1. premie
for damer. Tiden ble 4:17.43. Foto: Helge Nystad


Stor stemning i guttelaget til Sirdal Vidergående skole etter flott løp og siger i stafettklassen.


Snekkerlaget kan meir enn å svinga hammaren. Gode resultat kvart år. Stort humør og stødige sekunderingar undervegs. Litt bak skjema til ny rekord i år, og skylda for dette vart tydeleg og utilslørt plassert.


Aron Rysstad går i mål etter sitt strålande løp på halvmaraton.


Aron Rysstad og Elin Uppstad. To spreke 11 åringar frå Setesdal som med sine halvmaraton kanhende stod for dagens sterkaste prestasjonar.


Frå starten på "Minimaratonet". Her er det full innsats ut av startgropa. Og stakkars den fotograf eller annan tulling som måtte finna på å stå i vegen.

Sirdølen billedgalleri

Reportasjer:
2010