THOMAS ALSGAARD kjem!

Sluseløpet
går i Skjoldastraumen i Tysvær kommune, ikkje langt frå Haugesund. Løpet går i åttetal, der start og mål er på midten av åttetalet -  midt i sluseområdet. Asfalt, grus og litt gras. Litt kupert, men kjem ikkje under karakteristikken krevande.

OSLO: 2011-06-22: Oslo Skishow. Skilandslaget gikk showrenn i Oslo sentrum til inntekt for stiftelsen "Aktiv mot kreft". PICTURED: Thomas AlsgaardThomas mot Thomas
I fjor vann heimefavoritten Thomas Finshus. Han er ein god løpar. Det er også OL-gullvinnar Thomas Alsgaard. Ser ein på det Alsgaard har prestert på bane, så er han i ein heilt annan klasse enn t.d. Dæhlie og Northug. Dei er ikkje dårlege dei heller, berre det at Thomas Alsgaard er så mykje betre - utan ski på beina.

Men no er grunnleggar av Sluseløpet - Thomas Finshus som sagt også ein god løpar, så dette kan bli ein  kamp i kampen.

Alsgaard skal også dela ut medaljar til dei små som spring barneløpet 60 minutt før dei vaksne.

11 OL - og VM gull. Ein fantastisk profil og eit hyggeleg menneske. Vil trekka mange, mange ekstra til Sluseløpet.




I dette vakre området i Skjoldastraumen  om lag 3 mil frå Haugesund, er start og mål.

Me følte oss alle velkomen!
Café Velkommen. Ein flott atmosfære i det fyrste SLUSELØPET i fjor.

I form til livet 2
Premieutdeling med mange folk. Kondis var (sjølvsagt) også representert på debutløpet.

3 jenter på pallen
3 raskaste jenter i fjor. Arrangøren satsar på stor jentedeltaking i år.


Løpets grunnleggar - Thomas Finshus øverst på pallen i fyrste sluseløpet.

Ungar på pallen 2 Foto: Hjalmar Grundberg
Ungane er med og likar seg på pallen (..og bak).