Bilete: 

Biletet er teke vel 1000 moh og illustrerar på ein fabelaktig måte kor bratt dette laupet er. Start er på vegen (90 moh., ved den passerande bubilen) medan sekretariat og premieutdeling er på Eenstunet (garden midt i biletet). Målgang er endå 100 høgdemeter og 350 lengdemeter bak fotografen.

 

Staden er Voss og Klondyke er målgang for dette laupet, som leverar 1000 høgdemeter på 3600 lengdemeter.
To ferske NM-vinnarar er påmeldt, i Stian Hovind-Angermund og Karoline Simpson-Larsen. Om  nokon er interessert i å sjekke motbakkeformen vil desse to syne kvar lista ligg. Elles er den lokale randonee- kongen Lars Erik Skjervheim rapportert å vera i kjempeform og går for gull på laurdag. Løypa er preparert heilt til topps og forholda er særs gode for ei flott oppleving. Laupet blir utan sekk  so her får ein verkeleg sjansen til å teste kor lang tid ein brukar på ein vertikal kilometer! Meir info og påmelding: www.facebook.com/klondykeopp