Klondyke opp er eitt av dei tøffaste stigningsløpa som finst, med så hard stigning at det har status som vertikalløp. Trass i at vergudane ikkje spelte på lag med arrangøren og løypa til Klondyke var både sleip og våt, vart det sett løyperekord både i dame- og herreklassen.

Therese Sjursen, Bergen Løpeklubb, som tok 9. plassen i EM i Vertical i Mont Blanc i juni, senka gjeldande løyperekord med 19 sekundar. Den nye damerekorden er på 44:33. May Britt Buer, Gular, var ikkje langt bak og kom i mål på 44:54. Unge Tori Angell, Odda IL/Team Gla’laks, vant juniorklassen og vart nr. 3 totalt sett, på tida 45:48.

Thorbjoern_T_Ludvigsen_Bilete1.jpg
1. plass: Thorbjørn T. Ludvigsen, tid: 35:20. Foto: Svein Ulvund (vossnow.net)

Thorbjørn T. Ludvigsen, Bergen Løpeklubb, vant toppduellen mot Stian Angermund-Vik, Varegg IL. 
Dei sprang i lag lenge og passerte mellomtid samstundes. Etter kvart  synte det seg at Thorbjørn hadde dagen og i mål var han 51 sekund føre Stian, på ny løyperekord: 35:20. Stian, som vant i fjor kom i mål på 36:11. Lars Erik Skjervheim, Voss IL, tok tredjeplassen på den sterke tida 37:58. Han seinka bestenoteringa si frå i fjor med eit snautt minutt.

I veteranklassen vart det siger til Anna Magrethe Tråve, Lærdal IL på 54:44, medan Kjetil Dyrvik, Voss IL vart beste herreveteran på sterke 44:10. I juniorklassen for menn vant Hans-Inge Klette, Viljar IL, på 41:33.

Merkekravet i herreklassen var i år 45:37 og 15 løparar vant tøff merkeskjorte. I kvinneklassen klarte sju løparar å kome seg under merkekravet på 56:21. Begge merkekrava var lægre enn i fjor og illustrerar dei sterke startfelta i årets arrangement.

Vêret førte til færre deltakarar enn elles men alt i alt var arrangøren nøgd med arrangementet. 110 deltakarar tok turen til topps i regnveret på Voss. Løypa var oppgradert til årets løp og det er grunn til å tru at ein til neste år, ved turre og fine forhold, vil kunne oppleve nye løyperekordar på Klondyke Opp Vertikal Voss. Stemninga på premieutdelinga var god med heimalaga betasuppe og flotte premiar til deltakarane.

Stian_Angermund__Vik_Bilete_2.jpg
2. plass: Stian Angermund-Vik, tid: 36:11 Foto: Svein Ulvund (vossnow.net)

Lars_Erik_Skjervheim_Bilete3.jpg
3. plass: Lars Erik Skjervheim, tid: 37:58  Foto: Svein Ulvund (vossnow.net)

May_Britt_Buer_Bilete_5.jpg
2. plass: May Britt Buer, tid: 44:54 Foto: Svein Ulvund (vossnow.net)

Tori_Angell_Bilete6.jpg
3. plass: Tori Angell, tid: 45:48 Foto: Svein Ulvund (vossnow.net)

God_utsikt_Bilete7.jpg
Ingenting å sei på utsikten! Trimmarar med 900 høgdemeter rett ned til start Foto: Hilde  Marie Kårbø.

ALLE   RESULTAT

Fleire bilete på facebooksida til Klondyke Opp