Og det i vesle Skjoldastraumen i Tysvær kommune. 671 innbyggjarar med smått og stort kunne kommunen opplysa på spørsmål frå Kondis. I fjor, klarte arrangøren å samla heile 341 deltakarar!

Påmeldinga er opna
Thomas Finshus i arrangørstaben kunne i kveld opplysa om at påmeldinga no var opna. Arrangørane har dei to fyrste åra vore flinke til å informera Kondis, og me vil meir enn gjerne følgja opp arrangørar som bryr seg om å laga eit kanonbra arrangement, og å reklamera for det i god tid.

Einaste saltvannsslusar i aktiv bruk i Noreg
Løypa har start, halvegskryssing og mål ved dei einaste saltvannsslusene i Noreg som er i aktiv bruk. Her er det mykje publikum samla, for her kan ein sjå løparane passera mange gonger. Men vegane (for det er fleire) frå E-134 og ned til Skjoldastraumen (eller berre Straumen i daglegtale) er ein køyrertur ein bør ha god tid på. Smale, svingete vegar, men har ein tid, er det eit verkeleg vakkert landsskap ein køyrer igjennom,

Original åttetalsløype
Start, mål og passering halvveges skjer frå, og over nederste sluse i sjølve Straumen. Om lag halvparten 2.2 km mot vest, delvis på fin grusveg, ned til slusa for så å få ein tilsvarande sløyfe (litt på mark), på austsida av slusa. Publikumsvenleg, kreativ og artig å springa. 

 Gisletussen 411_640x480_Thomas_Alsgaard.jpg
I 2012 var det arrangør Thomas Finshus og Thomas Alsgaard som delte ut medaljar til ungane. Foto: Kondis

Gisletussen 402_640x480_barnimaal.jpg
Kjempesuksess for barneløpet! To mann hadde problem med å ta unna....                         Foto:  Kondis

Gisletussen 450_640x480.jpg
Alsgaard hadde ein durabeleg fight med arrangøren Thomas Finshus, som sistnemnde vann, men Stian Vestbø
Haugesund IL slo dei begge. Her med Harald Måge, dottera si og Skjalg Duesund.                       Foto: Kondis

Gisletussen 454_640x480-startfelt.jpg
Beste gut og jente i 2012: Stian Vestbø og Maryna Novik.                                                       Foto: Kondis

IMG_5315_2488x1789_café_velkomen_640x460.jpg
Café Velkomen :-) Ein dyktig stab gjeld og dei som set ut væske, km-skilt, retningsskilt og ikkje minst kafé der
ein kan møtast for ein prat etter løpet. Veldig viktig del av arrangementet for dei fleste.              Foto: Kondis

IMG_5235_640x549.jpg
Blide ungar = blide foreldre/besteforeldre, slik at ein har lyst til å koma att neste år.          Foto: Kondis

IMG_5296_640x387.jpg
...og www.kondis.no var der i 2011, 2012 og skal vera der i 2013.                                        Foto: Kondis