Laban Siro representerer IF Klypetussen i Etne.
I ni månader trenar han to gonger til dagen for å vera best mogeleg rusta til gode løp i Skandinavia i tre månader. frå 15. juni til 11. september.
I fjor vann han 8 - 9 løp vart nr 2 i eitt, og nr 3 i to. Mange med  over tusen deltakarar. Midnattsloppet i Gøteborg hadde 10500 deltakarar. Det vann Laban Siro både i fjor, og året før.

Rekorddeltaking i 2011
Bruløpet på Stord er flytta frå laurdag , som det var dei fyrste åra, til ein onsdag. Likevel var det rekorddeltaking i fjor. Ikkje akkurat noko storløp enno, men med auke også i 2012, ser det bra ut.

Kontrollmålt halvmaraton og 10 km
For mange løparar er det særs viktig at løypene er kontrollmålte. Særleg når det er klassiske distansar som 10 km og halvmaraton. Stord IL ved leiar Nils Hetleflåt, fekk Kondis sin løypemålar til å kontrollmåla og sertifisera dei to distansane. Nytt i år er at 10 km har start ved Fylkesnes Bil på Heiane som halvmaraton, og attende. Halvmaraton går ut til Bømlo og "heim att". Ikkje superlett trasè, men gir ei flott løpsoppleving.