Maryna Novik (biletet) vann fyrste løp i Klypetuss-karusellen i 2013. Kan ho, eller nokon andre slå løyperekorden?

Trongjo Ned er 1635 m nedoverbakke i svingar frå E 134 ved nedkøyringa til Frette, før det vert avslutta med om lag 700 m flatt langs Stordalsvatnet. Ei vakker, familievenleg løype.

Terje Håland konge i Trongjo Ned 
På 47 arrangement har Terje Håland vunne utrulege 22 gonger. Dottera Randi Norheim Håland har vunne jenteklassen åtte gonger. Begge har hattt løyperekord, men no er dei overteke av andre.

Løyperekordar:
Kvinner:     Siv Merete Bø,  Haugesund IL             7.05 min
Menn:         Gunnar Årvik,   Rosendal Turn & IL    6.29 min

Frå starten i 1983 var det to løp kvart år. Eitt testløp, og eitt kvalifiseringsløp til Holmenkollstafetten . Frå 2000 var det berre eitt løp kvart år.

Ekstra premiering blant jentene
Raskaste kvinne og mann får HardangerBestikk og kr 300.-. Blir det løyperekord, vankar det kr 300.- ekstra. Elles er det trekkjepremiar blant alle som fullfører. Stiller meir enn ti jenter på tid, eller at det er fleire jenter  enn gutar i springeklassen, trekkjer arrangøren IF Klypetussen fire flaxlodd. Berre blant jentene.

Rekord = 10 flaxlodd.
Største deltakartal i eitt løp er 73. Blir dette talet slått har ein sponsor lova 10 flaxlodd som vert trekte blant alle deltakarane. I 2012  var det 68. I alt har Trongjo Ned bidratt til 1856 trimturar.