Tysværtrimmen for 66. gong 
Eit tradisjonsrikt haustløp på asfalt. Tidlegare år vart løpet arrangert med vår- og haustvariant. Difor har arrangørklubben Stegaberg IL kome opp i 66. gonger. 

Løypa er kupert, men interessant - gjennom villastrok og industriområde. Løypa går gjennom to undergangar under E-134 (Haugesund - Drammen).

Familievenleg tilskiping med tur, barneløp og kafé
Borna spring 400 m. All aktivitet har start og mål på Frakkagjerd stadion. Her er garderobar og dusjar rett ved start. Oppe i Stegaberg IL sitt flotte klubbhus er det sekretariat med påmelding, premieutdeling og kafé. 

Gratis reklame frå Karmøy Maraton
Arrangørane har vore heldige å fått gratis reklame frå Karmøy Maraton (16. november). Dei har nemnt Tysværtrimmen som ein mogelegheit til å koma i form til sitt løp. Samarbeid tener begge tilskiparane på. 

Tysværtrimmen_2013_bilde_640.jpg