LANGS ÅKRAFJORDEN 14. august er som mange tusen idrettsarrangement i Noreg tufta på friviljug innsats. Dugnad er eit godt norsk ord. Men ein må ha folk som stiller opp. Flinke folk på ulike felt. Kjell Magne Hegerland har mange, mange talentar. Eitt av dei er 3.05 m i lengde utan fart og 1.50 m i høgde utan fart.
 
Men i dette tilfellet vil me nemna at han er ein flott fyr som stiller opp på dugnad. Nymerka løype til Langs Åkrafjorden. Fredag 24. juli tok han me dei tre kjekke ungane sine og merka alle kilometrane og målstrek på Langs Åkrafjorden. Det han gjorde for 4 -5 år sidan måtte fornyast før 14. august, som er dato for årets 11 km langs vakre Åkrafjorden. når ein får "K" for kvalitet av Kondis må løypa vera skikkeleg merkt. Det sørga altså Kjell Magne Hegerland for.

Rett etter Storadjuv bru har du løpt 7 km av Langs Åkrafjorden.



 

Tidleg krøkast... Kenneth lærar å merka løypa av pappa Kjell Magne Hegerland

    




Kjell Magne Hegerland i mål ved Åkrafjordtunet. Det er klart for 14. august i nymerka løype. Dugnad completed.

Les meir om Langs Åkrafjorden