Vi har fått pressemelding frå Etne Event om det nye løpet i Sunnhordland

Vera med frå starten...?
Løypa er 7,5 km,lett kupert og asfaltert heile vegen rundt vatnet. Kondis vil kontrollmåle løypa, og det blir merking for for kvar km og ekstra god merking av passering 5 km. Start og mål er ved Litledalen kraftstasjon.

Eit løp for alle
Det er konkurranseklassar, men også tidlegstart for dei som vil gå runda rundt Litledalsvatnet. Og sjølvsagt eige løp for barna. Dørstokk-mila er tung for dei fleste av oss. For dei som er avhengig av rullestol, så er dørstokk-mila ofte tyngre enn for dei fleste. Difor tilbyr "Vatnet Rundt" også dei å delta..

Startkontingenten vert den same for alle: Kr 50 for 0 - 11 år og kr 200 for alle andre. Me satsar på påmelding på nettet, og håper å opna den 1. mai.

Kunstnar-diplom til alle
Tor Christian Larsen laga eit så flott kunstnardiplom til motbakkeløpet Langfoss Opp i 2010 at Haugesunds Avis brukte heile baksida av avisa på å presentere diplomet.

No har same kunstnar laga diplom til "Vatnet Rundt". Det vil vera nummerert, og tanken er at det skal vera den fyrste i ein samleserie. Diplomet vil bli offentleggjort saman med offisiell påmelding.

"Vatnet Rundt" på facebook - open hending
På facebook finn ein hendinga "Vatnet Rundt/Around the Lake". Her er det video (17 minutt) som losar oss roleg igjennom løypa - til fin musikk. Her er også treningslogg og rankingliste over flest treningsturar - altså eit folkehelseprosjekt.

Ann Kristin Mosbron og Mats Hauge har løyperekordar
I prøveløpet 28.3. 2015 vart det notert offisielle løyperekordar. 
Kvinner: Ann Kristin Mosbron, Spirit      30.13
Menn:    Mats Hauge, Haugesund IL         25.31

Samarbeid med "Rullestadvatnet Rundt" sundag 10. juli
Ei vekes ferie i Etne må ein ha... 6 dagar før "Vatnet Rundt" går det 4.5 km lange Rullestadvatnet Rundt i same kommune. Her er løypa asfalt, grus, gras, skogsti over bruar, opp trapper over elvar og fossar. Du finn video over løypa på Rullestad Aktiv Fritid.

Premieutdeling og kafé på Rygg skule
Her kan ein skifta, og her er toalett, men ikkje dusjar. Arrangøren satsar på god temperatur i Litledalsvatnet for rask vask etter løpet. 

Kondis-rabatt - sjølvsagt
Kondis.jpg

Tilskipar, som er livstidsmedlem i Kondis og som også er mangeårig Kondis-kontakt for Hardanger og Sunnhordland, vil naturleg nok at "Vatnet Rundt" skal vera eit kvalitetsløp. Det betyr mellom anna korrekt oppmåling, klasseinndeling på resultatlista som vert publisert på kondis.no og kr 25,- i kondis-rabatt. 

Påmelding til "Vatnet Rundt" 16, juli via denne lenka til EQ-timing sitt system

DSCN6059.JPG
Lett kupert løype, veldig lite trafikk og asfalt heilt rundt

DSCN6088.JPG
Fyrste ordinære løp går laurdag 16. juli 2016; men det var eit prøveløp hvor det vart sett løyperekordar den 28. mars 2015. I tillegg var det Romjulstrim i fjor og "Vårløpet Vatnet Rundt" den 28. mars 2016. Her er dei tre raskaste jentene i prøveløpet i 2015. Løyperekordhaldar Ann Kristin Mosbron (30.13) er flankert av Inger Johanne Klokset t.v. og Tina Barane t.h.
 
DSCN6086.JPG
Mats Hauge, Haugesund IL med premiekonviolutten med kr 1000,- i handa etter prøveløpet. Det vart løyperekord for menn med 25.31. Det blir endå flottare premiar laurdag 16. juli 2016.

DSCN0013.JPG
Start og mål på same plass ved Litledalen kraftstasjon. Her er det god plass for parkering.

Ivar Pettersen 2.jpg
Som ein ser går løypa over brua over elva i i eine enden av vatnet.

DSCN6058.JPG
Tor Arne Sandvik, ein god løpar frå IF Klypetussen, passerer her 5 km. Han vann "Vårløpet Vatnet Rundt" på 28.56 i sterk vind.

DSCN6081.jpg
62 fullførte prøveløpet i 2015. Her var det óg 20 syklistar og to på rulleski. I fyrste ordinære utgåva vert det berre rullestolbrukarar i tillegg til løparane.

DSCN6038.JPG
Mange har alt sprunge rundt Litledalsvatnet med GPS. Distansen har variert mellom 7.51 og 7.6 km. 7.5 er vel det nærmaste. Kondis vil kontrollmåla i god tid før løpet laurdag 16. juli

Den gode løparen Ivar Pettersen sprang med GPS og fekk 7.51. Det er neppe langt unna den reelle lengda. P.S. Berre "Vatnet Rundt".

Vatnet_rundt_Ivar_Pettersen.jpg


Her finn du Etne
Etne er ein særs flott kommune å bu i, og ikkje minst å feriera i. Bygda ligg 55 km frå Haugesund og ca 40 km frå Odda. Får Oslo er det ca. 40 mil. E-134 går gjennom bygda.

Her er mange rorbuer, hytter og to hotell, Fugl Fønix i Etnesjøen og Skånevik Fjordhotell. Ein kan fiske både i fjorden og i dei mange vatna. Og her fjell for einkvar smak for fine vandreturar. Og ikkje minst, Langfoss, som av National Geographic er kåra som ein av dei  ti vakraste i verda. Kommunen er i vekst og folketalet har dei siste åra auka frå vel 3800 til 4106 i år.


Tilskipar: Etne Event/Etne Oppleving
Dette er eit nytt enkeltmannsføretak i regi av Einar Gisle Sellevold. Han er initiativtakar til IF Klypetussen og arbeider i forståing med klubben. IF Klypetussen har eit sykkelritt som heiter Litledalsvatnet Rundt. Difor har mosjonsløpet til Etne Event fått kortforma "Vatnet Rundt" som namn. 

Einar Gisle Sellevold (f. 1951) har sidan tidleg på 1980-talet vore vore aktiv distriktskontakt for Kondis i  Hardanger og Sunnhordland og lager også reportasjar frå Nord-Rogaland og Nord-Hordaland på kondis.no. No har han lyst til å utvikla dette engasjementet gjennom Etne Event der idrettsarrangement, idretsskonsulent-tenester og andre evenement er grunnlaget. 

Grunnen til at event er med i namnet er at foretaket på sikt vil satsa på internasjonal deltaking.
Det var det då Einar Gisle Sellevold var leiar av Etne Race Festival i 2009.