Første FESTIVAL-LØPET laurdag 10. juli Det første "Festival-løpet" har fått namnet på grunn av at vakre Vikedal har profilert seg som festivalbygda. Denne helga er det Vikedal Rootsfestival med internasjonale artistar som kjem til bygda. Seinare på året er det fleire andre festivalar. No kjem altså "Festival-løpet" som går på laurdagen under Vikedal Rootsfestival. Ein særs oppegåande komite ser ut til å laga eit kjempeflott løp i utruleg vakre omgjevnader.

Tre løyperalternativ
 Barneløp kl 1100 ca 500 m med heimelaga medalje til alle. Kl 1200 startar kort og lang løype samstundes. Lang løype: Lokafossrunda er ca 8.8 km. Kort løype: Over Hengebrua ca 4.5 km. Her vert det premie til dei tre raskaste kvinner og menn. I tillegg vert det trekkepremiar. I staden for dusjing er det ei flott elv der ein kan bada etter løpet. og så vert det kafé med fløytekake til ARNE INNBJO og alle oss andre...

Fleire kjendisar kjem
Arild Austrheim og Geir Gjerde kjem. Dei er blant dei mange kjendisane som alt har meldt sin ankomst...Og folk frå Etne har alt meldt seg på.

Einar Gisle Sellevold