Det er femte året vi arrangerer dette løpet, og i fjor var godt og vel 35 løparar på startstreken. Fjellhug/Vereide Il er arrangør.
Løypa går frå Idrettsplassen i Sandane sentrum og langs RV615 forbi Rygg. Etter godt og vel 10,5 km vender ein tilbake, og går i mål ved Idrettsplassen. Sidan løypa går langs fjorden, er det ein flat trasè, der høgste punktet ligg ca 15 moh. Stort sett heile løypa fekk lagt ny oljegrus i vår, og det er difor ein strøken trasé som møter løparane.
Dei som reknar med å bruke pluss/minus 2 timar får høve til å starte ein halv time tidlegare.
Etter dei fire første åra med Gloppen Halvmaraton har lovorda om trasèen vore mange, og det er sett svært mange årsbeste og personlege rekordar i løypa. Vinnartidene i fjor var for menn 1.18,03 (Bendik Grimsbø, Førde), og 1.42,37 (Trude Eimhjellen, GFIL). Grimsbø si tid er løyperekord, medan Linda Hove har rekorden i dameklassen på 1.34,57.
Premieringa er lokale produkt frå Gloppen, og overnatting for to m/ trerettars middag på det flotte Gloppen Hotell som ein av premiane.
Overnatting kan tingast på http://www.gloppenhotell.no/nb/ http://gloppen-camping.com/ er eit anna alternativ for overnatting i nærleiken av løypa.
Heimesida vår er http://www.fjellhugvereide.no/p/22449/gloppen-halvmaraton Her finn du omtale, link til påmelding, og stoff frå fjorårets halvmaraton.
Arrangør er Fjellhug/Vereide il