Bupa London 10 K går i morgon sundag for 5. gong. Delar av löpet går i det som skal vera traseen for norske Urige Buta og dei andre fantastiske löparane litt seinare i högdepunktet i sesongen 2012: olympiske leikar i London.

Mohamed (Mo) Farah verdsmeister og favoritt på heimebane
Mo Farah har rekorden i löpet på 27.44 for to år sidan. I fjor gjekk det monaleg rolegare  på 29.15. Mr Farah er ingen kven-som-helst. Han vart verdsmeister på 5000 m sist VM.  Sölvmedalje fekk han på 10 km. Han er sjölvsagt favoritt i herreklassen no rett för OL på heimebane. Kanskje ryker rekorden? Scott Overall, også han britisk, skal springa OL i London. I mars sprang han 10 km på 28.49. I morgon pröver han seg på Mo Fara, men for å slå han må han sannsynlegvis persa skikkeleg - og i tillegg har Mo Farah ein frykta spurt som me såg i VM. 

Mara Yamauchi  vs Claire Hallisey i kvinneklassen
Mara Yamauchi  er britisk statsborger og vart nr 2 i dette löpet i 2009. Ho skal kjempa mot Claire Hallisey som klarte 2.28.10 nyleg i London Marathon.

Knallver i London
I morgon er det 21 gradar utan ein sky på himmelen kl 0700. Luftfuktigheten er venta å vera 52 % så tidleg synkande til 39 utover dagen. Temperaturen er venta å stiga til 26 gradar kl 1300, men då er alle löparane i mål - for starten går kl 1000. 

Folkefest med over 10000 deltakarar
I tillegg storspringarane er det over ti tusen andre. Mange av dei spring for charities. Det vil seia dei lovar å samla inn pengar til velgjerande organisasjonar som foreningar for funksjonshemmede av ulike slag, kreftsaka og alsheimer for å nemna nokre. Desse foreningane disponerer startlisensar, slik at ein kan få delta for ein slik organisasjon etter strek for påmelding er sett.

Much to see during (or after) the race (kopi frå löpet si heimeside)
The BUPA London 10,000 will take place at 10.00am on Sunday May 27th 2012. It starts and finishes in St James’s Park and uses Green Park as its assembly area.

The Race starts (and finishes) in The Mall and follows a clockwise route around the City of Westminster and the City of London. Runners pass many of London’s famous sights including, Admiralty Arch, Nelson’s Column, St Paul’s Cathedral,  Mansion House, Bank of England, Leadenhall Market, The Monument, Millennium Bridge, Tate Gallery, Cleopatra’s Needle, London Eye, Big Ben, Houses of Parliament and Westminster Abbey. Buckingham Palace acts as the backdrop for both the start and finish.

Det underteikna hugser best frå sine to tidlegare deltakingar, er dei fantastiske orkestra langs löypa. Spesielt eit med ulike trommesett under ei av bruene etter ca 2 km. Heilt super musikk - stoppa mest opp for å lytta!

Løpets heimeside

Klikk på kartet for større utgave:


Slik ser löypa ut

Kondis sin utskremte skal springa for 3. gong og vonar å koma til mål. Men dette löpet burde kunne samla mange, mange skandinavar.