Det er mange som har høyrt om Vettisfossen, men kanskje aldri vore på dei traktene. No kan ein få med seg motbakkeløpet Vettisløpet og kanskje også få sett denne vakre fossen. Løpet er 9 km langt, og startar i Utladalen ved Skåri.

Kjende løyperekordhaldarar
Anna Margrethe Tråve og Svein Inge Buhaug har løyperekordane. Svein Inge bur ikkje her lenger, men er ekte årdalsgut.

Kvinner: Anna Margrethe Tråve    36.15
Menn:    Svein Inge Buhaug          30.43

Rundt 75 har pleidd å delta på tid. I tillegg kjem mange som trimmar.

Vinn sykkel
Arrangørane i Jotun IL har annonsert med at ein sykkel vert trekt mellom alle som deltek. I tillegg har ein privat sponsor lova 10 flaxlodd til trekking i konkurranseklassen. Vert det deltakarrekord i konkurranseklassen for vaksne, doblar sponsoren til 20 flaxlodd, som skal trekkast mellom alle som fullfører på tid i den ordinære konkurranseklassen.

Bilete lånt frå heimesida til Vettisløpet:







  



På vegen treffer ein Avdalsfossen med eit fall på 173 m.
Vettisfossen ser me nedanfrå og 273 m opp.
I tillegg får me oppleva Hjellefossen med eit fall på 240 m.

Se video fra Vettisfossen

Vettisløpet 2013_web

Opplysninger om Vettisløpet på terminlista til kondis.no