TOPP natur, ver og arrangement
Vettisløpet - i verdsklasse!
Verdsklasse - det er vel å ta litt sterkt i? Nei, ikkje i det heile. Natur, arrangement, løype og ikkje minst flinke og hyggelege arrangørar.
Vettisløpet i fenomenale omgjevnadar og fantastisk ver!
Arrangement i verdsklasse
Joan Benoit har delteke her, og er nr to på 10 på topp bak Anna Margrethe Tråve. Men når me brukar verdsklasse som kvalitetsstempel på arrangementet er det andre faktorar enn internasjonale kjendisar og store pengepremiar som er målestokken. Heller ikkje enorm deltaking. Nei, det er sjølve løypa opp til Vetti og nedatt på "Folkevegen". Denne vart bygd på dugnad påbyrja i 1973. Den krevande dugnaden varte i fleire år. Bruer over store gjel og 5.5 km fin grusveg gjennom utruleg vakker natur.
Ingressbiletet:Åslaug Golf Kaardal sto for beste prestasjon i Vettisløpet med 37.37 i dameklassa. KLIKK PÅ BILETET FOR STØRRE UTGÅVE.
Også arrangørar i verdsklasse
I ei fantastisk ramme av vakkert ver og naturoppleving, vart alle born, vaksne, løparar og trimmarar tekne vare på slik at ein visste ein var velkomen. I.L. Jotun har vist gjennom landskampar og Hovud-NM at arrangera er noko dei kan. Det vart sagt for mange år sidan etter fyrste landsskamp på Jotun stadion, at landsslagsjefen Terje Thorslund, ville satsa eitt år til for å få med seg NM same stad året etter. Og det kan me godt forstå.
Oppkøyring til VM - inn til 3. plass på "Topp 10"-lista
Aslaug Golf Kaardal frå Lærdal IL gjorde eit supert løp og sprang seg inn til 3. plass på alle tiders "Ti på topp"- liste med tida 37.37. Ho nytta Vettisløpet som oppkøyring til VM i terreng-ultra i Wales 6. juli. Frå same klubb kjem og løyperekordhaldar Anna Margrethe Tråve som denne gong vart nr 2 med tida 40.50. Marita Hestetun frå arrangørklubben I.L. Jotun gjorde og eit godt løp og vart nr 3 på 42.46.
Geir Grindedal som spring for Norsun på Årdalstangen, vann herreklassen på 34.36. Geir Nyland frå Årdalstangen IL vart nr to med 35.00, og tredjeplass til arrangøren også i herreklassen ved Bjørn Fretland på 35.30.
Timesløp med litt for gode folk...?
For at dei som ikkje syns dei sjølv er konkurranseløparar skal tore å springa på tid, har arrangøren oppretta eit Timesløp/Timeklubben. Vel og bra, men det var opp til fleire som starta i denne gruppa som er så gode at dei kanskje burde meldt seg på i konkurranseklassen.. (men det kan dei jo gjera neste år)?
I alt 75 sprang på tid som ifjor. Med trimmarar var det om lag 400 personar i denne flotte løypa. Neste år vurderer I.L. Jotun påmelding online. Då kan ein venta mange, mange fleire deltakarar til den 28. utgåva av dette vakraste løp i verda.
Vettislopet_2013_resultater.pdf
Takk til arrangør/Gro Fretland for bileta.
Borna vart tekne godt vare på. Mange heat der alle fekk premie.
Spente løparar venter på startsignalet. "Undrer meg på...?"
Etter tøffe tak inn til Vetti er ein spend på tida. Vinnaren Geir Grindedal (f.1964!) i mål etter ein super prestasjon!
To dyre syklar vart trekte ut, men dei fleste var mest spende på sin eigen prestasjon. Her Geir Nyland i mål som andremann.
Frå venstre: Roar Tomter, Askim, Tore Bjerkrheim, Sportsmaster og Bjørn Fretland, I.L. Jotun.
Løyperekordhaldar Anna Margrethe Tråve, 58 år, i mål på 2. plass etter nok eit flott løp.
I bakgrunnen den mektige Hjellefossen.
10 på topp
Vettisløpet 1986-2013
KVINNER:
Anna Margrete Tråve36.02(2004)
Joan Benoit37.02
Åslaug Golf Kaardal37.37 (ny)
Anne Lise Hollevik 39.22
Åse Klinkenberg 40.25
Kari Torill Kvåle40.36
Ingrid Narum 41.03
Anne Grete Grindedal41.39
Anette Bru42.01
Ane Øvregard Røhme42.05
MENN:
Svein Inge Buhaug30.43(2010)
Kjetil Dyrvik31.17
Kjell Stokkan31.46
Tom Steine31.54
Oddvar Brå31.55
Stein Rune Widskjold32.06
Rolf Breisnes32.31
Per Fridolf Hillestad32.33