105 personar gjekk og sprang Holavatnet Rundt
Start og mål er på skuleplassen til montesorri-skulen i Hosanger på Osterøy. Her er det og ein super kiosk med flotte dugnadsfolk. Nysteikte vaflar, kaffi, saft og is vert selt. Og folk benkar seg ved dei mange borda og benkane på skuleplassen. Dette er veldig sosialt.

Marion Vevle og Øyvind Bjørsvik vann karusell-løp nr 16
Marion Vevle klarte 14.57 i den 3.1 km lange og sterkt kuperte løypa. Øyvind Bjørsvik kom i mål på den flotte tida 11.13, tett følgd av Ove Bernes på 11.32 og Øystein Hanstveit på 12.02.

3000 startar på eitt år?
Over 100 i omtrent alle dei 19 karusell-løpa. Men snittet er ein god del høgare. 259 er største deltakartalet i 2012. Då skulle ein totalt ikkje vera så veldig langt unna 3000 startar frå midt i  april til midt i september. Ein ser at dette arrangementet i regi av Mjøsdalen IL må ha ein veldig god helse-effekt i dette aktive bygdesamfunnet og for Osterøy kommune.

Også Osterøy IL
Når ein veit at Osterøy IL også har ein liknande karusell: Valestrandmarka Rundt med same fine miljø, så er det ein unik mogelegheit for kommunen å visa at dette set me pris på, og vil byggja oppunder.
"Utan entusiastiske og duglege arrangørar stoppar Idretts-noreg"!
 


Øyvind Bjørsvik vinn 16. utgåva av Holavatnet Rundt 2012 på den gode tida 11.13.

Knallhard motbakke PÃ¥ flotte stiar.
 Tøff motbakke etter ca 2 km.                                                     Mange flotte parti i løypa.

I km merka med skilt på gjerdestolpeOK merking
Bra merking på Holavatnet.                                                    Her viser skiltet kor du skal ta inn på skogsstien.


Mange vakre parti me ikkje oppdagar når me løper - men dei mange gåarane kan gleda seg over alt det vakre.

Tre raskaste (3.1 km):
Kvinner:
1. Marion Vevle                  14.57
2. Andrine Gjerstad          16.11
3. Randi Kleppe                18.13

Menn:
1. Øyvind Bjørsvik              11.13
2. Ove Bernes                    11.32
3. Øystein Hanstveit          12.02