Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
IMG_1128_Grindedal_Sjursen_Sundby_cropped_413x414

Vidasete opp 7. juli kl. 12.27

1227 meter over Sognefjorden

Klokka 12.27 sundag 7.juli er det klart for Vidasete opp med start frå Lunde i Feios. Starten går 400 meter over havet og vi klatrar til 1227 meter på ca 4,5 kilometer. Det er ei triveleg ramme rundt løpet, med premieutdeling, uttrekkspremiar og ein skikkeleg panorama-kafe på Lunde etter løpet. Viss me er heldige, får me og smaka den gode Feios-isen på Lunde etter løpet. Det er premie på 2000 kroner for løyperekord. No er det Therese Sjursen og Øyvind Heiberg Sundby som har desse på hhv 41.18 og 34.36, begge sett i 2012. På biletet ser vi dei to løyperekordhaldarane saman med Leif Bjørn Grindedal som er ein av initiativtakarane til løpet.

Kondis.no sin reporter prioriterer dette løpet høgt i programmet for sommaren, enten det er med eller utan startnummer, og vil vera der også i år. På Samlesida for Vidasete opp finn du reportasjar frå tidlegare år med fine bilete frå løypa.

Det går minibuss frå ungdomshuset i Feios der det er greitt å parkera, men ein kan og gjera slik som kondisreportaren, å kjøpa seg ny bil tilpassa den litt ujamne parkeringsplassen på skogsvegen på Lunde.

Fleire detaljar finn du i Terminlista.

Foto: Svein Hønsi (2010)

Publisert | Oppdatert
Artikkelen fortsetter under annonsen