Starten i konkurranseklassen går kl 12.27, trimklassen startar frå klokka 10.

Det er fine uttrekkspremiar, klassepremiar og pengepremie for nye løyperekordar.

Løyperekorden på herresida er det Torbjørn Thorsen Ludvigsen (ingressbiletet) som har, 31:42 frå 2016. 

Therese Sjursen har rekorden i dameklassen med 40:48.

13-14-åringar kan springa ein kortare distanse, Vidasete nesten opp.

I tillegg er det natursti til borna, der deltakarane får kvar sin is frå Feios sin eigen isprodusent Alm Gard. Vi som er litt meir oppe i åra kan kjøpa is på standen på Lunde. Der har også Vik turlag stand, det vert sal av forfriskningar, premieutdeling og speakerteneste under heile løpet.

Sjå tidlegare reportasjar på Kondis.no på SAMLESIDA FOR VIDASETE OPP.

Kondis.no har fått presseakkreditering og stiller med reportasjeteam!

IMG_9974.jpg

Frå starten i konkurranseklassen i 2017, her er det Therese Sjursen som vert intervjua av speaker Halvor Flatland. Motbakkane startar med det same, første delen går i skogen, og omtrent i tregrensa kjem eit flatare parti før klatringa mot toppen startar. På Vidasethovden er det flott utsikt i alle retningar.
 

IMG_9948.jpg

Ingen var borti denne knappen!