Med trimklassar og barneløp har deltakinga i Langs Åkrafjorden dei fleste år vore på meir enn koronagrensa på 200 deltakarar. Rekorden er frå 2014 med heile 625 deltakarar. Arrangøren har difor tatt nokre grep i år. 

"Langs Åkrafjorden" for 18. gong
Laurdag 22. august kan Corona-trøytte få prøvd seg igjen. Langs Åkrafjorden er blant dei fyrste løpa som går (nesten) som normalt. Det unormale er at turklassane ikkje går på løpsdagen. Alle kan gå/løpe/sykle løypa mellom 1. og 21. august og få registrert deltakinga. På løpsdagen konsentrerer arrangøren IF Klypetussen seg berre om sjølve løpet med tidtaking.

Pengepremiar til dei beste
1. premie kr 3000,-  2. premie kr 2000,-  3. premie kr 1000,-. Likt i kvinne- og herreklassen. 

Løyperekordpremiane aukar for kvart år dei ikkje vert slått. 
I 2020 vil det bli utbetalt kr 6000,- ved løyperekord (sjå under)
I tillegg er alle registrerte i turklassen - og i løpet 22. august, med i trekkinga av tre pengepremiar: 1 på kr 3000,-  og to premiar på kr 1000,-

Rekordar:
Kvinner: Pernilla Eugenie Epland, Stord IL  39.19
Menn:    Okubamichael Fissehatsion, IK Tjalve  33.19

Bergprisen (2930m):
Kvinner: Pernilla Eugenie Epland, Stord IL  11.30    (2018)
Menn:    Ørjan Grønnevig, Spirit Stavanger   9.45    (2019)

Lagtrofé
I 2019 vart det innført lagtrofé til beste trekvinnslag og tremannslag. I tillegg fekk alle lag som stilte med tre kvinner, eller tre menn både lagdiplom, og diplom til alle på laget. Dette var sannsynlegvis med å bidra til at det vart deltakar-rekord. 

Vinnarar av lagtroféet i 2019:
Kvinner: IF Klypetussen
Menn:    Spirit Stavanger

Påmelding til løpet: her


Profilar i LANGS ÅKRAFJORDEN dei siste åra:
Ingrid Kristiansen, verdsrekordar og verdsbeste på 5000 m, 10000 m, 15 km landeveg, halvmaraton og maraton!!!
Susanne Wigene, sølv på 10000 m i EM, mange norske meisterskap
Marit Årthun, norsk meister på maraton
Janne Elin Vatnaland, sølv og bronse i NM maraton
Maryna Novik, sølv i NM maraton 2019, sju gonger vinnar av Langs Åkrafjorden!
Miriam Berg Hovda hadde løyperekorden i mange, mange år. Nr. 4 på "All Time High-lista" i Langs Åkrafjorden.
Kjersti Fresvik, nr. 3 på "All Time High"

Francis Kipketer Chesumai, vinnar av Montreal Marathon
Laban Onderi Siro, to gonger vinnar av Midnattsloppet i Gøteborg, hadde løyperekorden i Langs Åkrafjorden i mange år
Okubamcihael Fissehatsion, to norske meisterskap på 10000 m, noverande løyperekordhaldar
Ørjan Grønnevig, nordisk mester i terrengløp og norsk meister på 5000 m og 10000 m. Rekord på "Bergprisen" etter 2930 m derav ca 2400 m motbakke med 9.45!
Svein Erik Eide, fleire NM-medaljar på 5000 m og 10000 m
Nils Hetleflåt, god løpar som vann fyrste løpet i 2003, men mest kjend som glimrande trenar i Stord IL
Lars Lunde nr. 3 på "All Time High". Vunne løpet fleire gonger
Ragnar Stølsmark, nr. 6 på "All Time High" 
Erik Rullestad, god lokal løpar, éin gong NM-deltakar på 10000 m.

Løpet går frå Kyrping Kro og Bensin på E-134 i Etne 75 km aust frå Haugesund, og 50 km frå Odda. 36 mil frå Oslo. Løypa er 11 km, og går i mål på Åkrafjordtunet. Det går på ein nær trafikkfri landeveg etter at nye E134 erstatta gamlevegen.

Vegen vart byrja på i 1937 og fullført 9. april ! 1942. Vegen var vel 30 km, inn til botn av Åkrafjorden i Sunnhordaland. Då Åkrafjordtunnelen kom i år 2000, vart vegen utanom tunnelen (7.4 km) bilfri. Løpet er sertifisert av Ingolf Dale i Kondis og er nøyaktig 11 km. Løpet starta i 2003, og har med eitt unntak nær gått i same traséen. På grunn av eit ras vart løpet lagt om i 2016 og var difor kortare enn 11 km.

maryna2 Foto - Odd Kåre Grøttland H. avis..jpgMaryna Novik IF Klypetussen har verkeleg sett Langs Åkrfjorden på kartet! Ho har vunne løpet heile sju gonger og er nr. 2 på "All Time High". Foto: Odd Kåre Grøttland, Haugesunds Avis

IMG_0635.JPG
"Bergprisen" har flott HardangerBestikk til raskaste kvinne og mann etter 2930 m, der ca 2400 m er samanhengande motbakke.

IMG_5656.JPG
Lars Lunde frå toppklubben Stord IL, har vore trufast i mange år. og i toppen av resultatlista. Her saman med vår glitrande speaker John Karsten Hustveit, dagleg leiar av Åkrafjordtunet.

Langs Åkrafjorden premiepall kvinner.png
Tre raskaste jenter i 2019: Maryna Novik IF Klypetussen flankert av Sara Aarseth, Spirit og Mari Arnestad, Club Solo

Langs Åkrafjorden 2019 Premiepall menn.jpg
Ingen smågutar! Premiepall 2019: Vinnar Lars Lunde, Stord IL flankert av Ørjan Grønnevig Spirit og Sindre Solbakken Omvik, Rosendal Turnlag

IMG_5650.JPG
Trekkepremiane er det fleire som får glede av: Her Nils Saltnes, som i tillegg er ein habil løpar

IMG_5623.JPG
Her er ryggen til leiar i "Langs Åkrafjorden"-komitéen 2020: Olav Samland. I fjor var det ca 300 til stades under premie-seremonien.